Hopp til innhold

Tidlegare lege slaktar vedtak frå Helsetilsynet – hevdar han er hengt ut som psykopat

Ein tidlegare lege nektar for å ha massert brystvortene til den unge pasienten sin. Helsetilsynet trur ikkje han snakkar sant og no møtest dei i rettssalen.

Oslo tingrett

Ein tidlegare lege har gått til rettsak mot Staten etter at han miste autorisasjonen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Den tidlegare legen meiner konklusjonen er feil. Denne veka kjempar han i retten for å få oppheva vedtaket til Helsetilsynet.

– Mitt liv er øydelagt, sa mannen då han vitna i Oslo tingrett torsdag.

Det var hausten 2021 ei ung kvinne kom ut frå ein konsultasjon hos legen og hevda han hadde forgripe seg mot henne. Kvinna hevda at legen strauk brystvortene og masserte brysta hennar då ho kom for å få undersøkt mistanke om eit ribbeinsbrot.

Klagen førte til at politiet starta etterforsking mot legen, og i fjor haust tok Statens helsetilsyn autorisasjonen frå han.

Under prosedyren fredag formiddag hevda advokatfullmektig Synne Bernhardt at Statens helsetilsynet på eit svært tidleg tidspunkt bestemte seg for at han var skuldig.

– Helsetilsynet meiner at vedtaket er korrekt, kontra regjeringsadvokat Lotte Tvedt i sin prosedyre.

Synne Bernhardt

Advokatfullmektig Synne Bernhardt representerer den tidlegare legen i retten.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

– Eit karakterdrap

Statens helsetilsyn trur den unge pasienten snakkar sant, og har lagt vekt på det ho har fortalt om at han masserte brysta hennar, undersøkte hoftene hennar, spurte om ho ofte tok på seg sjølv og gav henne mobilnummeret sitt.

I vedtaket skriv Helsetilsynet at handlingane hans vitnar om manglande evne til å sette grenser, manglande impulskontroll og sviktande dømmekraft.

Den tidlegare legen tek det tungt.

– Eg har aldri høyrt noko så fornedrande og skadande i heile mitt liv. Det er eit karakterdrap, dei beskriv nærast ein psykopat, sa han under rettssaka.

Han seier han har mist kontakta med familie og vener, og ikkje lenger orkar å gå ut i postkassa. Under forklaringa si tok han til tårene.

Saksbehandlar Lisbeth Homlong til venstre, Lotte Tvedt frå Regjeringsadvokaten til venstre. Dommar Carsten Anker.

Saksbehandlar Lisbeth Homlong frå Statens helsetilsyn til venstre. Lenger framme sit regjeringsadvokat Lotte Tvedt. Dommar Carsten Anker.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Hevdar ho bad om brystundersøking

Den tidlegare legen hevdar at den unge pasienten på eige initiativ bad han om å undersøke om ho hadde svulstar i brysta. Ved ein feil skal han gløymt å notere det i journalen hennar, forklarte han i retten.

Heller ikkje hofteundersøkinga skal han ha dokumentert i journalen.

Avhøyr av den unge kvinna blei spelt av i retten tidlegare i veka. Ho svarte ikkje sikkert på om ho hadde bedt han om å undersøke brysta hennar.

– Eg hugsar ikkje, sa ho.

Den unge kvinna har ikkje ønskt å forklare seg under rettssaka i Oslo tingrett, men skal i politiavhøyr ha sagt at ho let som ho besvimte for å få legen til å slutte.

Lotte Tvedt

Regjeringsadvokat Lotte Tvedt avviser at Helsetilsynet tek feil.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Held fast på vedtak mot tidlegare lege

Regjeringsadvokat Lotte Tvedt avviser at Helsetilsynet har vore for hard i kritikken av legen.

– Det Helsetilsynet har vurdert er ei heilt konkret hending. Det er altså ikkje korleis han er, sett ei diagnose på han, men korleis er dei handlingane han har gjort og korleis er dei i samsvar med å vere lege. Og då har Helsetilsynet meint at det er det ikkje, seier Tvedt.

Lisbeth Homlong i Statens helsetilsyn har vore helsefagleg saksbehandlar i saka, ho ønskjer ikkje å kommentere påstandane frå legen.

Parallelt med tilsynssaka, etterforskar også politiet saka, men det er førebels ikkje trekt nokon konklusjon.

Den siste tida har fleire legar og helsepersonell gått til rettssak fordi dei har fått refs frå Helsetilsynet.