Hopp til innhold

Skulda for å ha tatt ung pasient på brystvortene: No går legen til rettssak

Den tidlegare fastlegen går til retten for å få tilbake jobben. Regjeringsadvokaten er heilt usamd.

Oslo tingrett

Saka til den tidlegare fastlegen i ein romsdalskommune skal opp i Oslo tingrett i midten av september.

Foto: Terje Pedersen / NTB

I fjor haust miste ein lege i ein romsdalskommune retten til å praktisere som lege.

Ei ung kvinne skuldar han for å ha forgripe seg seksuelt mot henne på legekontoret. Det førte til at Statens helsetilsyn tok frå han autorisasjonen.

Den tidlegare legen nektar å akseptere avgjerda og ber Oslo tingrett gjere om på vedtaket.

Hevdar han gnei henne på brysta

Berre legen og den unge pasienten veit kva som faktisk skjedde på legekontoret haustdagen for to år sidan.

Kvinna har forklart at ho kom til legekontoret med mistanke om brot i eit ribbein, men hevdar legen undersøkte henne på ein måte som var heilt utanfor boka. Konsultasjonen skal ifølgje kvinna ha enda med at han gnei henne på brystvortene, undersøkte hoftene hennar og gav henne mobilnummeret sitt.

Han meiner det berre er oppspinn og har klaga til Helsetilsynet og Statens helsepersonellnemnd.

NRK kjenner identiteten til den tidlegare fastlegen. Han ønskjer ikkje å uttale seg til NRK.

– Råka av saksbehandlingsfeil

Advokaten hans meiner at den tidlegare legen må få tilbake autorisasjonen og er svært kritisk til prosessen. I eit dokument til retten hevdar advokaten at vedtaket er feil, bevisvurderinga svært mangelfull og at Statens helsetilsyn ikkje har gjort ei grundig nok vurdering av om pasienten er truverdig.

Troverdighetsvurderingene helsetilsynet har foretatt fremstår som en sjablong, preget av tunnelsyn og er uten reelle og kompetente vurderinger.

Advokatfullmektig Synne Bernhardt

Advokatfullmektig Synne Bernhardt, som har underteikna sluttinnlegget til Oslo tingrett ønskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare overfor NRK.

– Oppkonstruerte forklaringar

Regjeringsadvokaten held fast på at mannen ikkje er eigna til å vere lege, og skriv i sluttinnlegget til retten at forklaringane hans verkar oppkonstruerte og lite truverdige.

Handlingen er et alvorlig tillitsbrudd og svik mot pasienten, og er uttrykk for manglende respekt for hennes integritet i behandlingssituasjonen.

Advokat Lotte Tvedt hos Regjeringsadvokaten

Advokat Lotte Tvedt hos Regjeringsadvokaten ønskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare. Det vil heller ikkje Statens helsetilsyn før rettssaka i september.

Gjer ny vurdering

Berre i fjor miste 138 legar og andre helsearbeidarar autorisasjonen eller lisensen, og kunne dermed ikkje lenger halde fram i arbeidet. Over 70 fekk andre reaksjonar på grunn av feil dei hadde gjort. Det viser tal frå Statens helsetilsyn.

NRK har tidlegare skrive om legar som kjenner seg rettslause.

Legeforeininga er kritisk til dagens tilsynsordning og hevdar at granskarane ofte ikkje har nok kunnskap.

Fleire legar og helsepersonell har den siste tida gått til retten for å få gjort om vedtak frå Statens helsetilsyn.

Les også Overlegen Yngve miste nattesøvnen då granskarane slo til

Yngve Müller Seljeseth

Politiet etterforskar

Politiet har etterforska saka mot den tidlegare legen i snart to år. Han er framleis sikta for brot på helsepersonellova og seksuell handling utan samtykke. Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier det står att nokre avhøyr.

– Vi jobbar med å innhente den siste informasjonen som sikta har bedt oss om å hente inn, seier Skorpen-Trøen.

Politiadvokat Anders Skorpen Trøen

Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier at saka ikkje er ferdig etterforska.

Foto: Roar Strøm / NRK

Rettssaka skal opp i Oslo tingrett i midten av september. På vitnelista står fleire kollegaer til den tidlegare legen, tre psykologar og to professorar.