NRK Meny
Normal

Kuttar ti årsverk i Sunnmørsposten

Ti årsverk må vekk i Sunnmørsposten dei neste to åra. Totalt skal Polaris-konsernet spare 100 millionar kroner.

Redaktør i Sunnmrsposten, Hanna Relling Berg

Redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Det var på eit allmøte for dei tilsette fredag formiddag at det blei opplyst om kutta. Nedbemanninga skal i første omgang skje ved frivillig avgang, skriv Sunnmørsposten på nettsidene sine.

Dette er ikkje noko hyggeleg melding verken å gje eller å få, seier redaktør Hanna Relling Berg til NRK.

Sunnmørsposten er ein del av Polaris Media. Dette konsernet skal spare 100 millionar kroner dei komande to åra. Av dette skal Sunnmørsposten gjennomføre ei innsparing på 7 millionar kroner. Og dette tilsvarar ti årsverk.

Vi vonar inderleg at det vi gjennomfører no skal vere tilstrekkeleg til å oppfylle dette innsparingskravet, seier Relling Berg.

Nedbemanninga skal i første omgang skje ved friviljug avgang. Konsernet har utarbeidd forskjellige løysingar, både gjennom pensjonsordningar og sluttpakkar.

I løpet av dei komande to åra skal 1 av 8 slutte i Sunnmørsposten.

Det er ei klar målsetjing at dette skal skje ved friviljug avgang. Og dette er den same utfordringa som dei aller fleste mediebedrifter står overfor. Vi ser at situasjonen er endå meir dramatisk i andre mediekonsern, seier Relling Berg til NRK.

Sjølv om Sunnmørsposten går inn i ein periode med nedbemanning skal produkta som kjem ut frå redaksjonen framleis utviklast.

Vi bremsar ned, men samstundes må vi utvikle nye digitale produkt. Det blir ei utfordring både å bremse ned og å gasse på samstundes, seier redaktøren i Sunnmørsposten.

Avisleiinga startar no ein prosess der det skal konkretiserast kva avdelingar som blir råka av nedskjeringane, og etter kvart kva einskildpersonar som skal gå.

– Dette skal skje i nært samarbeid med dei tillitsvalde. Og alt skal skje i samsvar med dei reglane som gjeld for slike prosessar, seier redaktør Hanna Relling Berg til NRK.