Hopp til innhold

– Enkelte føler seg pressa til å gå av med pensjon

Det er stor frustrasjon i avisredaksjonane som er eigd av Polaris Media. 30 personar over 62 får ein månad på å bestemme om dei vil gå av med AFP.

Polaris Media

Det er stor frustrasjon i avisredaksjonane som er eigd av Polaris media. Det seier tillitsvald Geir Forbregd.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

For ein månad sidan kom Polaris Media med beskjeden om at talet på tilsette skal reduserast med mellom 80 og 100 fram til 2015. Alle mellom 62 og 67 år får tilbod om avtalefesta pensjon og har knapt ein månad på å bestemme seg.

For dei følast det som eit press om at dei må gå av med pensjon for å vere snill med bedrifta, seier Geir Forbregd. Han er leiar for dei tillitsvalde på Nordvestlandet.

Nedgang i annonseinntekter

Dei siste vekene har vore prega av intern uro i avisredaksjonane og mange såre kjensler. Nedbemanninga kom ganske brått på dei tilsette.
Konsernet tener for lite pengar på papiravisene. I tredje kvartal var det ein nedgang i annonsar på 6,6 prosent.

LES OGSÅ:

Sluttpakke

Polaris Media går ut med ulike tilbod til dei tilsette. Avtalefesta pensjon er det alle i rette aldersgruppa som får tilbod om. I Nord-Noreg vert det også tilbydd sluttpakkar. Det får dei avistilsette på Nordvestlandet og Trøndelag ikkje.

– Eg meiner at alle burde ha fått tilbod om sluttpakke. Må den måten kunne alle ha vurdert om dei ville slutte frivillig, seier Forbregd.

Samlebandjournalistikk

Forbregd trur nedbemanninga vil verke negativt på dei unge journalistane som skal ut i arbeidslivet.

– I ein kvardag der mediebransjen nærmar seg samlebandproduksjon, vil det føre til at yrket ikkje vil vere attraktivt lenger. Det vil ikkje bli tid til å bruke tid på artiklane når kravet er å levere to-tre saker kvar dag, seier Forbregd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL