Hopp til innhold

Nevrohjemmet i Ålesund er førebels berga

Nevrohjemmet i Ålesund ser ut til førebels å vere berga for nedlegging. Eit forslag om å gjennomføre ei analyse av risiko og sårbarheit før ei eventuell nedlegging fekk fleirtal.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok kutt-forslaga som administrasjonen hadde lagt fram. Kutta reduserer utgiftene med mellom 40 og 41 millionar kroner.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Styret i Helse Møre og Romsdal har vedteke kutt i helsetilbodet i Møre og Romsdal for rundt 40 millionar kroner.

Representantane for dei tilsette kom med forslag om at Nevrohjemmet i Ålesund ikkje skal leggast ned no. Dette forslaget fekk fleirtal i styret.

Ved starten av møtet blei det levert over 9000 underskrifter med protest mot endringane ved Mork rehabiliteringssenter.

John Harry Kvalshaug Knut Engeset

Knut Engeset overleverte underskriftslister til styreleiar John Harry Kvalshaug.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Tilhøyrarar styremøte Helse Møre og Romsdal

Det er mange tilhøyrarar på møtet, blant dei fleire frå Nevrohjemmet i Ålesund.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK
Astrid Eidsvik

Astrid Eidsvik er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK
– Oppslutninga om underskriftsaksjonen har vore heilt formidabel. Veldig mange er berørte av dette, enten direkte eller fordi dei er pårørande eller gjennom familie og vener. Dei ser at dei har fått god hjelp på institusjonane, seier Knut Engeset.

Kva betyr dette for deg personleg?

Når eg veit kva eg sjølv har vore gjennom, og med den hjelpa eg har fått på Mork, så tykkjer eg synd på dei som kjem etter meg og som ikkje kjem til å få same hjelpa, seier Engeset.

Ordførarane med protestbrev

Nesten alle ordførarane på Sunnmøre leverte også eit brev der dei skulda Helse Møre og Romsdal for ikkje å ha oppfylt sin del av samhandlingsavtalen med kommunane.

Ordførarane meiner at kommunane ikkje har fått naudsynt informasjon om framdrifta og følgjene av reforma.

Stor interesse

Fleire tilsette ved Nevrohjemmet i Ålesund følgde møtet. Dei er uroa for arbeidsplassen sin. Dei fryktar at eit fagmiljø som er opparbeidd over 30 år skal smuldre opp og bli spreidd.

Representant for dei tilsette, Knut Ivar Egset la fram eit forslag om å utsetje behandlinga av kutt inna rehabiliteringstenesta og psykiatrien. Forslaget fekk berre fire stemmer og fall dermed.

Saka handlar om korleis tilbodet for barn og unge, rehabilitering, kirurgi/ortopedi og administrative støttefunksjonar skal vere i det nye helseforetaket.

Til saman skal helseforetaket spare mellom 40 og 41 millionar kroner på omleggingane.

Kirurgi og ortopedi:

Det er vaktberedskapen innan kirurgi og ortopedi som kan bli endra ved sjukehusa. Forslaget frå administrerande direktør Astrid Eidsvik ser slik ut:

Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Molde sjukehus

Molde sjukehus

Foto: Arkiv. / NRK
Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Foto: NRK
Volda sjukehus

Volda sjukehus.

Foto: Helse Sunnmøre
Kristiansund sjukehus:

  • Vaktberedskap innan ortopedi 7 dagar i veka
  • Vaktberedskap innan kirurgi 5 dagar i veka

Molde sjukehus:

  • Vaktberedskap innan kirurgi 7 dagar i veka
  • Vaktberedskap innan ortopedi 5 dagar i veka.

Ålesund sjukehus:

  • Vaktberedskap innan ortopedi 7 dagar i veka
  • Vaktberedskap innan kirurgi 7 dagar i veka

Volda sjukehus:

  • Vaktberedskap innan ortopedi 7 dagar i veka
  • Vaktberedskap innan kirurgi 5 dagar i veka

Ein skal også sjå på behovet for senger framover. Målet er å redusere sengekapasiteten og legge om deler av sengepostar til 5-døgns drift der det er mogleg.

Akuttfunksjonane innan kirurgi og ortopedi står for mellom 6 og 7 millionar kroner av kutta.

Helsetilbod til barn og unge:

  • Psykisk helsevern: Døgnplassane skal samlast til ei eining, på UPA ved Ålesund sjukehus.
  • Somatikk - pediatritilbodet: Vidarefører to barneavdelingar, med feriestenging i Kristiansund i påska og om sommaren.

Barn og unge står for om lag 9 millionar kroner av kutta.

Rehabilitering:

Nevrohjemmet

Nevrohjemmet

Foto: NRK
Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter.

Foto: Brede Røsjø / NRK
Demonstrantene slår ring om Mork rehabiliteringssenter

Mork rehabiliteringssenter

Foto: Tipser
  • Tilbodet ved Nevrohjemmet blir omorganisert og flytta. Det blir etablert 4 senger ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering ved sjukehuset i Ålesund, og 4 senger ved nebrologisk avdeling i Molde.
  • Aure rehabiliteringssenter (30 senger i dag) får redusert kapasiteten med 10 senger. Gjeld først og fremst ortopediske pasientar.
  • Mork rehabiliteringssenter (har i dag 27 senger) får redusert kapasiteten med 9 senger. Gjeld først og fremst ortopediske pasientar og gjestepasientar.
  • Det skal etablerast poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Kristiansund sjukehus. Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund skal stå for drifta.
  • Ambulant verksemd skal styrkast ved rehabiliteringsinstitusjonane og ved slageiningane på sjukehusa.
  • Mork og Aure rehabiliteringssenter skal styrast fagleg av avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund.
  • Det skal etablerast eit felles inntaktsteam for rehabiliteringstenesta i helseforetaket.

Rehabilitering står for om lag 10 millionar kroner av kutta.

Administrasjonen:

  • Stillingsreduksjon på 26 stillingar i administrativ støttefunksjon i den sentrale staben.
  • Løn og rekneskapsfunksjonen blir plassert med hovudadresse i Molde, med arbeidsstader førebels både i Molde og Ålesund.

Dei administrative funksjonane står for om lag 15 millionar kroner av kutta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL