Helsedirektør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik.
Foto: Espen Gjelsten / NRKDet er til dels omfattande kutt- og innsparingsforslag som administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal la fram i dag.
Nevrohjemmet forsvinn
Rehabiliteringstilbodet ved Nevrohjemmet i Ålesund forsvinn i si noverande form. Senteret har i dag 14 plassar, desse skal reduserast til 8. Fire av plassane blir lagt til Ålesund sjukehus, medan fire plassar blir flytta til Molde.
Navrohjemmet er svært skuffa etter dette forslaget.
Dei tilsette mobiliserar no i håp om at dei kan få styret i Helse Møre og Romsdal til å finne andre måtar å spare på.
SJÅ MEIR OM REAKSJONANE TIL til Nevrohjemmet og andre institusjonar i TV-sendinga på NRK1 18.40 i kveld, fredag.
Mork og Aure må kutte
Aure Rehabiliteringssenter har i dag 30 sengeplassar. Dei må kutte 10 plassar frå nyttår. Mork rehabiliteringssenter i Volda, som har spesialisert seg på slagpasientar, blir ståande igjen med 18 senger. Det er ein reduksjon på ni senger.
Barn og unge
Når det gjeld psykisk helsevern for barn- og unge så skal døgnplassane i Møre og Romsdal samlast ved UPA i Ålesund. Det betyr at Molde mister fire døgnplassar.
Anne Margrethe Nødtvedt Slette, som er tillitsvald for legane innan Barne- og ungdomspsykiatri i Molde og Kristiansund. Ho seier konsekvensane kan bli store om plassane vert flytta.
- Dette er tilbod som rettar seg mot dei mest alvorleg sjuke. Det er barn og unge med psykosar, sjølvmordsforsøk, alvorleg spiseforstyrringar og depresjonar. Det kan jo vere snakk om liv og død i verste fall.
- Vi kan ikkje forstå at dette er i tråd med nasjonale føringar eller Strategi 2020 som Helse Møre og Romsdal har lagt fram, seier Nødrvedt Slette til NRK.
Kutt og samanslåingstiltaka
Akuttfunksjonar kirurgi/ortopedi: innsparing ca. 6-7 mill. kroner
Barn/unge: innsparing ca. 9 mill. kroner
Rehabilitering: innsparing ca. 10 mill. kroner
Administrative funksjonar: innsparing ca. 15 mill. kroner
- Les også:
- Les også:
Du kan lese resten av spareplanen her: