Hopp til innhold

Fryktar nedlegging av Knausen

Unge psykiatriske pasientar uroar seg for framtida når det skal sparast millionar i helsesektoren.

17-åringen med bloggnavnet Siss
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Alvorleg sjuke ungdommar fryktar lange køyreturar for å få hjelp, og at dette kan gjere sjukdomssituasjonen deira endå verre.

Leiinga i Helse Møre og Romsdal har foreslått å samle psykiatritilbodet for barn og unge i Ålesund. Dermed står tilbodet ved Knausen i Molde i fare.

Ein 17-åring frå Kristiansund med bloggnamnet Siss har opplevd tretti innleggingar i løpet av to år. Gjennom aktiv blogging er 17-åringen open og ærleg om sjukdommen.

Reddar liv

17-åringen Siss
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Ho meiner det er kritisk dersom tilbodet ved Knausen blir lagt ned.

- Vi treng dette tilbodet, det gjeld meg og mange andre. Det reddar liv, seier Siss.

- Det varierer ofte mellom å vere manisk eller veldig deprimert. Så deprimert at man kan kome til å gjere dramatiske ting, seier 17-åringen.

Syttenåringen frå Kristiansund ønsker sjølve å fortelje til NRK kor viktig det er å få hjelp.

Utsikt frå Knausen
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Berre det å gå ein tur ut i sola kan vere ei tøff utfordring. Innlagde ungdommar på Knausen trur lange køyreturar og uvant miljø kan bli svært øydeleggande om tilbodet blir flytta til Ålesund, seier Siss.

- Dei passar på meg

- Dei er redde og nervøse for at tilbodet kan bli lagd ned. Dei treng tilbodet. Dette er å ta frå dei svakaste, seier Siss.

- Kva hadde skjedd dersom du ikkje hadde hatt dette tilbodet?

17-åringen bruker bloggnavnet Siss
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Då hadde eg mest sannsynleg ikkje vore her. Eg treng hjelpa eg får her. Eg får stadig akutt hjelp på grunn av tankane og kjenslene mine. Dei passar på meg og er der for meg når eg treng det, seier Siss.