- Vi har tenkt ut frå heilskap og likskap for innbyggjarane i Møre og Romsdal. Vi skal framleis drive med fagutvikling, betre kvaliteten i tenestetilbodet og ha eit geografisk utgangspunkt for arbeidet vårt, seier Eidsvik.
LES:
- Forventa reaksjonar
Reaksjonane har ikkje latt vente på seg etter at Eidsvik la fram sparetiltaka på ein pressekonferanse på sjukehuset i Ålesund klokka 14 i dag.
Blant anna Nevrohjemmet, som er forslått lagt ned i si noverande form, og Mork rehabiliteringssenter, som får redusert kapasitet med ni senger, har varsla mobilisering.
LES MEIR:
HER FINN DU ALLE DEI FORESLÅTTE KUTTA:
- Det er ikkje uventa, og slik må det vere også, i dette arbeidet, seier Eidsvik.
- Er forsvarleg
Astrid Eidsvik, helsedirektør Helse Møre og Romsdal.
Foto: Bernt Baltzersen / NRKOnsdag kom arbeidsgruppene med sine forslag til kvar dei 40 millionane burde sparast inn. I dag la helsedirektøren fram si innstilling. Fleire reagerer på at dette har blitt gjort på kort tid.
LES:
Blant anna brukarutvalet i fylket reagerer.
- Det har vore veldig hastverk med dette arbeidet. Vi har nokon overordna prinsipp som òg helseføretaket legg til grunn. Det dreier seg om kvalitet, tryggheit og respekt. Det er ikkje tvil om at desse verdiane ikkje blir teke vare på når helseføretaket skal byggast ned med 50 millionar, meiner nestleiar i brukarutvalet i Møre og Romsdal, Karsten Aak.
Eidsvik seier det er fleire som har følt på tidspresset.
- Det er gitt uttrykk frå alle partar, både medlem av arbeidsgruppene, brukarrepresentantar, frå tillitsvalde, frå meg som direktør og frå styreleiar, om at dette har vore veldig vanskeleg å arbeide med så store utfordringar innan så knappe tidsfristar.
- Men det er ei forsvarleg innstilling det eg kjem med, seier Eidsvik bestemt.
Meir arbeid i kommunane
Runar Finvåg i pasienttilbodet i Møre og Romsdal.
Foto: Ulstein KomnmueDet psykiske tilbodet for barn og unge i Molde blir flytta til Ålesund.
Blir det no verre å vere psykisk sjuk som barn eller ungdom nord for Romsdalsfjorden?
- Vi må få minst muleg innleggingar av barn og unge som er psykisk sjuke. Vi må ha fagpersonell som reiser ut i kommunene og møter barn og unge, saman med kommunehelsetenesta og deira pårørande. Dette er lagt inn som premiss i arbeidet vår, forklarar Eidsvik.
Direktøren presiserar at fagfolk ikkje skal flyttast frå Molde til Ålesund når døgnplassane forsvinn. Fagpersonalet skal brukast til å byggje opp tenesta som skal gjere meir arbeid i kommunane.
Runar Finvåg i pasientombodet i Møre og Romsdal er ikkje einig i dette.
- Når ein først må leggje inn unge på døgnbasis så er det viktig at dei er nære helsetenesta som skal følgje dei opp i nærmiljøet. Ein pasient som må reise frå Molde til Ålesund vil nok oppleve dette som vanskelegare enn å bli behandla i Molde, seier Finnøy.
- Klarer seg heime etter operasjon
Når det gjeld kuttet ved rehabiliteringssentera i fylket, seier Eidsvik at fleire no må reise rett heim etter operasjonar.
- Reduksjonen av plassar ved Aure og Mork er knytt til ortopediske rehabiliteringspasientar. Det er stort sett semje i det ortopediske rehabiliteringsmiljøet om at det er like bra å reise rett heim etter ein proteseoperasjon, som å vere innom ein rehabililteringsinstitusjon, seier Eidsvik.
Aure Rehabiliteringssenter har i dag 30 sengeplassar. Dei må kutte 10 plassar frå nyttår. Mork rehabiliteringssenter i Volda, som har spesialisert seg på slagpasientar, blir ståande igjen med 18 senger. Det er ein reduksjon på ni.
Rehabiliteringstilbodet ved Nevrohjemmet i Ålesund forsvinn i si noverande form. Senteret har i dag 14 plassar, desse skal reduserast til 8. Fire av plassane blir lagt til Ålesund sjukehus, medan fire plassar blir flytta til Molde.
Nevrohjemmet i Ålesund blir som følgje av kutta foreslått lagt ned i si noverande form.
Foto: NRKDette er ikkje Finvåg i pasientombodet begeistra for.
- Sjølv om forsking viser at mange klarer seg heime, er det mange som slit med smerter, bekymringar og usikkerheit. Dei føler ei tryggheit ved å ha ein fagkompetanse rundt seg.
- Kjem fleire kutt
I dag var det lagt fram ei innsparing på like over 40 millionar kroner. Men det er heile 110 millionar til som skal kuttast.
Torsdag 27. oktober skal styret i Helse Møre og Romsdal ha møte der det skal avgjerast kva som blir dei endelege sparetiltaka.
LES:
LES: