Hopp til innhold

Studentane føler seg trygge

Studentane ved Høgskulen i Volda er ikkje redde etter at det blei sendt alvorlege truslar mot ein kvinneleg medstudent gjennom mobilappen Jodel.

Høgskulen i Volda 160316

Studentane ved Høgskulen i Volda føler seg trygge trass i at ein kvinneleg student blei trua på mobilappen Jodel.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Det var Kripos som tysdag kveld fanga opp truslane mot ein kvinneleg student ved Høgskulen i Volda på mobilappen Jodel. Dei sende umiddelbart informasjonen vidare til Møre og Romsdal politidistrikt som raskt spora opp kvar truslane var sendt frå.

I løpet av natta og onsdag morgon arresterte politiet tre menn tilknytt saka.

– Det er sjølvsagt veldig ubehageleg og svært negativt at noko slikt skjer. Vi tek det alvorleg og høyrer på det politiet kjem med, seier Karoline Strand, leiar for Studenttinget ved Høgskulen i Volda.

Onsdag kveld kom nyheita om at ein av dei tre sikta mennene har tilstått å ha sendt den trugande meldinga.

God informasjon

Dette er ikkje første gong Jodel har blitt brukt til å sende truslar. Mobilappen har mellom anna blitt brukt til å sende truslar mot skular fleire stadar i landet.

Strand fortel at saka har vore mykje omtalt blant studentane i Volda i dag.

– Det har nok vore dagens samtaleemne blant studentane og dei tilsette, men vi har fått god informasjon frå politiet heile vegen, seier ho.

Karoline Strand

Karoline Strand, leiar for Studenttinget ved Høgskulen i Volda, opplever ikkje at studentane er redde etter trusselen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ho har ikkje inntrykk av at studentane har vore redde.

– Nei, eg trur heller dei synest det var ubehageleg, seier Strand.

Politiet gjennomførte tidlegare i dag ein omfattande operasjon for å sikre aktuelle bygg ved Høgskulen i Volda i samband med trusselen.

– Burde skulen ha vore stengt?

– Leiinga ved Høgskulen har hatt tett kontakt med politiet så eg stolar på at dei hadde stengt skulen dersom situasjonen var så alvorleg at det var nødvendig, seier Strand.

aroline Strand, leiar for Studenttinget ved Høgskulen i Volda viser fram mobilappen Jodel.

Sjå videoen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL