Hopp til innhold

Politiet: – Mann har tilstått truslar mot kvinneleg student

Ein mann i 20-åra har tilstått truslane mot ein kvinneleg student ved Høgskulen i Volda.

Guttorm Hagen

Guttorm Hagen, lensmann ved Volda/Ørsta lensmannskontor seier til NRK at dei tre mennene no er frigitt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det var Kripos som tysdag kveld fanga opp truslane mot ein kvinneleg student ved Høgskulen i Volda på mobilappen Jodel. Dei sende umiddelbart informasjonen vidare til Møre og Romsdal politidistrikt som raskt spora opp kvar truslane var sendt frå.

I løpet av natta og onsdag morgon arresterte politiet tre menn tilknytt saka. No har ein av dei tre mennene tilstått å ha sendt truslane.

– Ein mann i slutten av 20-åra frå Sunnmøre har innrømt at han har sendt dei truande meldingane. Han er ikkje student ved Høgskulen, men har budd i Volda dei siste åra, seier Guttorm Hagen, lensmann ved Volda og Ørsta lensmannskontor.

Alvorlege truslar

Dei tre mennene har i dag blitt avhøyrt ved lensmannskontora i Ålesund og Volda, men er no frigitt av politiet.

Bombetrussel Jodel

Det var mobilappen Jodel som blei brukt til å sende den truande meldinga.

Foto: NRK

Alle har framleis status som mellombels sikta, og det vil vere opp til politiadvokat å ta stilling til vidare sikting av dei tre, opplyser Hagen. Det vil truleg skje i løpet av torsdagen.

Politiet vil framleis ikkje seie noko om kva trusselen gjekk ut på.

– Nei, det einaste eg vil seie at er at det er snakk om straffbare forhold og at truslane var av ein så alvorleg natur at vi måtte setje i verk tiltak, seier Hagen.

Politiet veit framleis ikkje identiteten til den kvinnelege studenten.

– Det einaste vi kan seie no er at meldinga blei sendt til ein kvinneleg student ved Høgskulen, seier Hagen.

Det er så langt ukjent kva som var bakgrunnen for at den truande meldinga blei sendt.