Hopp til innhold

Desse kommunane har aldri hatt kvinneleg ordførar

Kvinnelege ordførar har blitt meir vanleg, men 53 kommunar heng etter. I Sykkylven tapte den kvinnelege ordførarkandidaten på målstreken.

Birgitte Sætre Bonesmo framfor rådhuset i Sykkylven

Birgitte Sætre Bonesmo håpte å bli den første kvinnelege ordføraren i Sykkylven, men slik gjekk det ikkje.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Ho står utanfor det slitne murbygget med kommunelogo på i Sykkylven sentrum. Birgitte Sætre Bonesmo kunne ha sete på ordførarkontoret, dersom alt hadde gått hennar veg etter valet i fjor haust.

– Eg var så nære. Det var kjempeclose, seier Bonesmo.

Intern strid i Høgre gjorde at Bonesmo tapte kampen om ordførarvervet, og dermed fekk ikkje kommunen sin første kvinnelege ordførar, slik ho håpte. I staden gjekk jobben til Olav Harald Ulstein (Frp).

– Dagens ordførar gjer jo ein god jobb, det er ikkje det. Men det er viktig at også kvinner er representerte i toppen, seier Bonesmo.

Sykkylven sentrum

Sykkylven er ein av 54 kommunar som aldri har hatt ein kvinne som ordførar. Det viser ei kartlegging frå Kommunal Rapport.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Fleire kvinnelege ordførarar

Ei kartlegging frå Kommunal Rapport viser at det går rette vegen, men framleis har 53 kommunar i landet aldri hatt kvinneleg ordførar.

Dette er ei stor endring frå 2015. Då var det 122 kommunar som aldri hadde hatt kvinner i vervet.

Frp, Høgre og KrF har lågast kvinnedel blant sine ordførar, viser kartlegginga. KrF kjem aller dårlegast ut, med berre to kvinner blant landets 12 ordførarar.

– Ikkje betre enn menn

Yvonne Wold (SV) er i gang med sin andre periode som ordførar i Rauma kommune. Ho blei historisk i 2019, fordi Rauma aldri hadde hatt ei kvinne på topp før.

– Dette handlar ikkje om at kvinner gjer ein betre jobb som ordførar enn menn. Det handlar om vi som samfunn opplever at menn og kvinner er likeverdige, seier Wold.

Sjølv om mange kommunar ikkje har hatt kvinneleg ordførar, meiner Wold at utviklinga går rett veg.

– Å vere ordførar er ein krevjande jobb, men eg meiner begge kjønn har like føresetnader for å handtere den, seier Wold.

Yvonne Wold

Yvonne Wold (SV) blei den første kvinnelege ordføraren i Rauma i 2019.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vil ha erfarne

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda, seier at grunnen til at fleire kommunar ikkje har hatt kvinneleg ordførar er samansett. Ein av hovudgrunnane er at kvinner har kortare fartstid i politikken.

– Det betyr at når partia og veljarane leitar etter erfarne kandidatar, så finn dei ofte menn, seier han.

Kvinner sitt i snitt litt over ein kommunestyreperiode, medan menn i snitt sit i litt meir enn to periodar.

Bjarte Folkestad er valgforsker ved Høgskulen i Volda. Her står han inne på kontoret sitt. Han har brunt hår og skjeggvekst. Han ser til høyre for kameraet og smiler, mens han gestikulerer med hendene og snakker.

Bjarte Folkestad er valforskar ved Høgskulen i Volda.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Grunnen til at kvinnene sit kortare i kommunestyret enn menn, trur forskaren kan handle om at enkelte synest det er vanskeleg å få kvardagen med barn til å gå opp, når møta føregår på kveldstid. Det kan også handle om kultur.

Guteklubben grei

Edel Myhre

Edel Myhre er skuffa over at Sykkylven ikkje har kvinneleg ordførar, men blei ikkje overraska.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

I Sykkylven håpte Edel Myhre at dei endeleg skulle få kvinneleg ordførar, og blei skuffa.

– Det har vore litt guteklubben grei, så eg blei ikkje overraska, seier Myhre. Ho meiner kvinnene må vise seg meir fram i politikken.

Unni Solnørdal

Unni Solnørdal er ikkje i tvil om at ei kvinne kan gjere like god jobb som ein mann.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Unni Solnørdal har ikkje tenkt så mykje over at kommunen hennar berre har hatt menn i førarsetet, men meiner at det er på tide med ei kvinne.

– Klart det. Ei kvinne er jo like godt rusta som ein mann, og kan sette seg like godt inn i sakene, seier Solnørdal.

Tvilar på attval

Lokalpolitikar Birgitte Sætre Bonesmo meldte seg ut av Høgre etter valet og sit no i kommunestyret som uavhengig representant. For henne er det dermed ikkje så aktuelt å stille som ordførarkandidat per no. Ho har likevel trua på at ei kvinne skal lukkast.

– Kvinner er jo 50 prosent av befolkninga. Det er viktig å vise at kvinner kan ha eit ordførarverv, ikkje berre menn, seier Bonesmo.

For at det skal skje trur ho ein del menn må gå i seg sjølv og sjå at det går an med kvinneleg ordførar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL