Hopp til innhold

Strikka seg inn på statsbudsjettet

Med garn og strikkepinnar har dei kjempa for ein tryggare veg. I dag fekk dei nyheita dei har venta på.

Jon Georg Dale møter gulstripeaksjonistar

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) hadde med seg gode nyheiter då han besøkte Betna i Halsa kommune i dag. Her saman med ordførarane i dei to kommunane Hemne og Halsa, og gulstripeaksjonistane.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei siste åra har aksjonistane kjempa for europaveg-standard, med gul stripe i midten av vegen, på E39 mellom Betna i Halsa og Stormyra i Hemne. Med garn og strikkepinnar har forkjemparane mellom anna strikka ei 200 meter lang gulstripe som dei tok med seg til Stortinget i fjor.

Helga Hjorthol Grønset og Solvår Skogen Sæterbø

Helga Hjorthol Grønset og Solvår Skogen Sæterbø.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det falt heilt naturleg for oss, det er jo ei gulstripe vi treng. Dessverre er det slik i dag at ein er nøydd til å vere synleg for at saka skal få merksemda den treng, seier gulstripeaksjonist Helga Hjorthol Grønset.

I dag kunne dei endeleg sleppe jubelen laus.

– Det er heilt fantastisk. Det kom ein liten reaksjon når eg skjønte at det kom pengar, seier Hjorthol Grønset.

Får 20 millionar

Hovudfartsåra mellom Nordmøre og Trøndelag er smal og svingete, noko som også har ført til ulukker. Aksjonistar, politikarar og transportarbeidarforbundet har i fleire år kjempa for ein tryggare veg. Arbeidet har hatt effekt, og strekninga har vore inne i Nasjonal Transportplan i 2016, 2017 og 2018. Likevel har det ikkje blitt sett av pengar til opprusting av vegen i statsbudsjettet nokon av åra.

Solvår Skogen Sæterbø, Juanita Møkkelgård, Helga Hjorthol Grønset og Åsrun Henden Enge

Gulstripeaksjonistane har i fleire år jobba for å skape merksemd rundt vegstrekninga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Men i dag kom beskjeden dei har venta på. Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) hadde nemleg med seg gode nyheiter då han besøkte heimfylket.

– Det har vore ein lang kamp for mange, men no skal vi realisere Betna-Stormyra. Spada går i jorda og vegen kjem, det er ikkje mogleg å stoppe den, sa Dale til stor jubel og applaus frå dei frammøtte.

Jon Georg Dale

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) møtte gulstripeaksjonistane på Nordmøre i dag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Regjeringa har sett av 20 millionar kroner i oppstartsmidlar til prosjektet som omfattar ombygging av tre delstrekningar på til saman 30 kilometer, og skal koste 2,1 milliardar kroner.

– Dermed kan vi starte det førebuande arbeidet i 2019. Og kanskje rekk vi også anleggsstart neste år. Dette er eit viktig prosjekt som bidreg til å gjere E39 raskare og tryggare å kome seg fram på, men som også gjer det tryggare for dei som bur langs traseen, seier Dale.

Ha tru på realisering

Også ordførarane i kommunane Halsa og Hemne var svært fornøgde med nyheita som kom i dag.

Solvår Skogen Sæterbø Helga Hjorthol Grønset og Ola Rognskog

Ordførar i Halsa Ola Rognskog saman med aksjonistane Solvår Skogen Sæterbø og Helga Hjorthol Grønset.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette er ein av dei artigaste dagane eg har hatt som ordførar, seier Hemne-ordførar Odd Jarle Svanem (Sp).

Halsa-ordførar Ola Rognskog (Sp) rosar samferdselsministeren og fylkespolitikarane, både i Møre og Romsdal og Trøndelag, for innsatsen. Han tviler ikkje på at prosjektet no blir realisert.

– Startskotet var det viktige her. No er det inne i dei rette kanalane, seier Rognskog.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL