Hopp til innhold

Gule, strikka midt-striper gjorde inntrykk

STORTINGET (NRK): Gul-stripe-aksjonistane frå Halsa og Hemne gjorde sterkt inntrykk på politikarane på Stortinget. Aksjonen blei karakterisert som både sympatisk og oppsiktsvekkjande, men også med ein alvorleg undertone.

Gul stripe aksjon
Foto: Terje Reite / NRK

Opp Karl Johans gate kom dei, pynta med gule, strikka striper, og med to store, runde ballar med ein kvart kilometer strikka, gul stripe.

– No skal vi overtyde Stortinget om at vegstrekninga Betna – Stormyra må inn på Nasjonsl Transportplan, og at det må løyvast pengar alt i 2017, sa Helga Hjorthol Grønset frå Vinjeøra.

Helga Hjorthol Grønset og Solvår Skogen Sæterbø

Helga Hjorthol Grønset og Solvær Skogen Sæterbø er klar til å entre Stortinget med 260 meter gul, strikka stripe.

Foto: Terje Reite / NRK

Kvinnene med dei gule stripene runden stortingsbygningen, gjekk målmedvitne opp Løvebakken. Dei vekte så pass oppsikt at ei av tryggingsvaktene kom ut på sjølve Løvebakken for å finne ut kva slags følgje dette var.

Også tryggingsvakta fekk klar beskjed om at no skulle dei møte sentrale samferdslepolitikarar, med leiar i samferdsle- og transportkomiteen, Nikolai Astrup (H) i spissen. Rundt møtebordet i Stortinget samla det seg ei rekkje politikarar frå dei fleste partia, både politikarar frå Mørebenken og frå andre stader..

– No håper vi at dei løyver pengane vi treng for å få oppstart i 2017, sa Solvår Skogen Sæterbø, like før ho sende dei gule stripene gjennom tryggingskontrollen innanfor inngangen til Stortinget.

Gul Stripe - aksjon

Helga Hjorthol Grønset var svært engasjert då ho fortalde om tilhøva på E39 mellom Betna og Stormyra. Til venstre Tora Vaagan Hofset og til høgre Solvår Skogen Sæterbø.

Foto: Terje Reite / NRK

Inne på møterommet var det tre engasjerte kvinner som la fram kravet sitt om brei, god veg på strekninga som står att på E39 gjennom Halsa og Hemne.

Vi bur langs ein veg som har eit skrikande behov for gul stripe, sa ei særs engasjert Helga Hjorthol Grønset. Og Solvår Skogen Sæterbø følgde opp med å fise kor faktisk smal vegen er. Eit gult band illustrerte breidda på eit normalt vogntog.

Gul stripe aksjon

Leiar i samferdsle- og transportkomiteen, Nikolai Astrup, lytta interessert til det kvinnene frå aksjonsgruppa kunne fortelje om.

Foto: Terje Reite / NRK

Stadig, under møtet, kom det kommentarar frå politikarane om at kvinnene med dei gule, strikka stripene i alle fall hadde gjort inntrykk.

– Dette .er eit besøk vi ikkje kjem til å gløyme. Dei har gjort ein iherdig innsats og dei har sett eit viktig prosjekt på dagsorden, sa leiar i samferdslekomiteen, Nikolai Astrup.

Men kan sjarmen dei viser omsettast i ekte pengar på statsbudsjettet?

– Eg kan ikkje forskottere noko. Men dette er eit prosjekt som skulle ha vore sett i gang for lenge sida. Så vi må sjå kva vi får til. Men det er mange, gode prosjekt som konkurrerer om pengane, seier Astrup.

Gul stripe aksjon

Då møtet gjekk mot slutten var ingen i tvil om kva som var bodskapen.

Foto: Terje Reite / NRK

Senterpartiet og Venstre har allereie foreslått pengar til strekninga i sine alternative budsjett. Også KrF-politikarane rundt bordet uttrykte godord om prosjektet. Og Arbeidarpartiet sin representant høyrdest slett ikkje ut som om han var framand for å vere med på å skape fleirtal for ei løyving.

– Dette er eit godt prosjekt som har kome langt i prosessen. Det er synd det har vorte utsett tidlegare, sa Kjell-Idar Juvik (Ap).

Nikolai Astrup

Nikolai Astrup fekk på seg gul stripe-skjerf. Det såg slett ikkje ut som om han mislikte det.

Foto: Terje Reite / NRK

Etter møtet var representantane for aksjonsgruppa godt nøgde med dagen.

– Dei var lydhøre og vi fekk sett saka på kartet, sa Solvår Skogen Sæterbø.

– Vi har fått fram saka vår, og vi har gjort det på ein måte som ingen andre har gjort, sa Tora Vaagan Hofset.

– Politikarane lytta interessert, dei smilte og dei nikka på ein ekte måte. Dei sa også at dei sette pris på detaljane vi la fram om vegstrekninga, sa Helga Hjorthol Grønset i det dei pakka saman gulstripe-ballane. Dei strikka gulstripene skal truleg takast vare på og stillast ut som ei påminning om den politiske kampen for ny veg på strekninga Betna – Stormyra.

Gul stripe aksjon

Og til slutt: God stemning og gruppebilde. Akkurat på dette tidspunktet såg det svært lyst ut for Betna- Stormyra. Så spørst det korleis det går i forhandlingane på Stortinget.

Foto: Terje Reite / NRK