Hopp til innhold

Krev oppstart på ny E39 mellom Betna – Stormyra

Ei aksjonsgruppa med nær 500 medlem krev oppstart på ny E39 mellom Betna i Halsa og Stormyra i Hemne.

E39 Halsa–Stormyra

Vegstrekninga mellom Betna og Stormyra er smal og ulykkesutsett. Dette bildet er frå ei tidlegare ulykke på strekninga.

Foto: Patrik Leif Ejenstam

Møre og Romsdal fylkesting vedtok i oktober å forskottere 25 millionar kroner for å sikre oppstart i utbetringa av E39 Betna-Stormyra.

Føresetnaden er at Sør-Trøndelag fylkeskommune gjer eit tilsvarande vedtak, og at dette blir innearbeida i statsbudsjettet for 2017. I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett var det ikkje lagt inn pengar E39 Betna-Stormyra.

I dag skal fylkestinget i Sør-Trøndelag diskutere saka. Leiar i aksjonsgruppa, Solvår Skogen Sæterbø, ber trønderane om å gjere det same vedtaket som fylkestinget i Møre og Romsdal.

– Det både ønskjer og håper vi at dei gjer. Vi har vore i kontakt med dei og vi trur dei kjem til å vedta det same, seier ho.

– På tide med ny veg

Skogen Sæterbø meiner det no er på tide at det blir gjort utbetringar på vegstrekninga, som både er smal og ulykkesutsett.

– Vi vil ha ein ny europaveg med gulstripe på midten slik at vi kan sikre tryggleiken til dei som ferdast på vegen. Dette er spesielt viktig for ungane våre som ferdast på vegen fleire gongar dagleg, seier ho.

– Vegen har forferdeleg dårleg standard. Den er smal, svingete og har dårleg vegskulder, held ho fram.

Både fylkestinget i Møre og Romsdal og transporstarbeidarforbundet har tatt til orde for at dei ønskjer utbetringar på strekninga.

Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag har to gonger tidlegare gjennomført spleiselag for å få til ei utbetring av E39. Då var det strekninga Rendalen-Staurset og Harangen-Høgkjølen som blei rusta opp. Spørsmålet i dag er om det er mogleg å få på plass eit spleiselag også denne gangen.

Betna - Stormyra