Hopp til innhold

Stranda skal lære av Rauma

Kommunane rundt Storfjorden lærer av erfaringane Rauma gjorde seg då skredtrusselen frå Mannen var stor i haust. I går var det stort evalueringsmøte i regi av Fylkesmannen.

Mannen i Romsdalen

MANNEN: Rauma og kriseberedskapen der delte sine erfaringar i samband med skredtruslane frå Mannen i fjor haust

Foto: Lena Høyberg / NRK

Rauma og kriseberedskapen der fekk ein uvurderleg katastrofeøving med skredtruslane frå Mannen i fjor haust. Onsdag delte dei av erfaringane sine.

Det var under eit evalueringsmøtet onsdag, i regi av Fylkesmannen og Rauma kommune, at kommunen delte sine erfaringane frå haustens situasjon med skredfare frå fjellsida ved Mannen i Romsdalen.

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad var på evalueringsmøtet på Åndalsnes og lære av erfaringane der.

– Vi syntest det var viktig å delta på dette møte, fyrst og fremst fordi vi er opptatt av å høyre og lære av Rauma sine erfaringar, seier han.

Viktig å vere budd

Dersom fjellmassivet Åkerneset skulle rase kan store mengder stein rase ut og forårsake enorme flodbølgjer som kan gjere stor skade i bygder som Geiranger, Hellesylt, Stranda og Valldal.

JAN OVE TRYGGESTAD

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad meiner det er viktig å lære av dei erfaringane Rauma kommune gjorde i samband med Mannen.

Foto: gUNNAR SANDVIK / NRK

Flodbølgja kan gjere stor skade langs heile fjordsystemet, frå inste fjordbotn til øyane ute på kysten. Tryggestad meiner difor at kunnskapen som Rauma og dei involverte har hausta i løpet av arbeidet med Mannen er viktig å lære av.

– Dette er uvurderleg kunnskap som kommunane rundt Storfjorden må ta til seg og bruke. Eg kjenner meg igjen i beredskapsarbeidet, men det er klart at når du får ei skarp øving slik som dette så blir det openbart eit heilt anna alvor over situasjonen, seier han.

Tryggestad meiner det er viktig å vere budd på det enorme trykket som kan oppstå dersom det blir signalisert bevegelsar i Åkernesremna.

– Dette er den tyngste saka vi har på indre Sunnmøre. Samtidig er det slik at dersom du tek på deg oppgåva å vere ordførar, enten i Stranda eller i ei anna av fjordkommunane, så må ein vere budd på at dette kan bli ein realitet, seier han.

Tillit er avgjerande

Onsdag fekk ordføraren høyre historiene og opplevingane til dei evakuerte som budde i området under Mannen. Tryggestad lét seg røre av det han fekk høyre.

– Det er veldig sterke historier. Det er då du verkeleg forstår kva dette betyr for folk, seier han.

Den lokale kriseleiinga, med Rauma kommune og Åknes Tafjord beredskap i spissen, la under situasjonen med Mannen vekt på å gje den fulle og heile sanninga i den informasjonen som kom ut til publikum.

Tryggestad meiner det er avgjerande å kunne skape tillit i befolkninga under slike situasjonar. Han rosar Rauma kommune for den innsatsen dei gjorde under Mannen.

– Det er kjempeviktig. Fyrst og fremst dei geologiske vurderingane, men også måten Rauma opptredde i denne saka viser kor viktig det er med informasjon. Der meiner eg både Rauma og ordføraren har gjort ein god jobb, seier han.