Vil ha beredskaps-aksept

Katastrofen og krisa i Japan er ei påminning om at også fjellskred forårsakar tsunami.

Video Beredskap

Ved berdeskapssenteret i Stranda, Åknes/Tafjord Beredskap IKS, håper dei på større forståing hos styremaktene for at det kostar å berge menneskeliv.

Dei overvakar ustabile fjellområde og veit no at dersom heile fjellsida i Åkneset rasar ut dreiar det seg om 54 millionar kubikkmeter og bøljene vert enorme.

Kjell Jogerud

Dagleg leiar ved Åknes/Tafjord Beredskap, Kjell Jogerud.

Foto: Iver Bostad / NRK

Staben på ved beredskapssenteret overvakar fjellområda Åkneset i Stranda, Heggurdaksla i Noredal og Mannen i Rauma.

Jordskjelvet i Japan som målte 8,9 på Richters skala kunne dei registere også på Stranda.

– Oppi alt det tragiske er dette ei veldig konkret påminning om at naturkatastrofer skjer med jamne mellomrom. Det kan også hende her med fjellskred, seier dagleg leiar ved Åknes/Tafjord Beredskap, Kjell Jogerud.

Dei har mykje å passe på. Det handlar om å kunne varsle i tide slik at ikkje menneskeliv går tapt. At god beredskap kostar pengar meinar dei det er nødvenig no å minne om.

– Det er ikkje god nok forstårng for det vi driv med og styresmaktene har ikkje teke denne beredskapen på alvor, legg Jogerud til.

Lokal tsunamiforskar

Sylfest Glimsdal sit heime i Molde og følgjer med på tsunami-varsla rundt om i verda året rundt.

Det oppsiktsvekkende med det siste, store jordskjelvet er at det skjedde så nært land at folk hadde liten sjanse til å kome unna.

Japanerne fekk berre ti femten minutt på å kome seg unna. På denne korte tida sørga dei samtidig for å filme i det den voldsomme flodbølgja traff land.

Forskarane studerer dei unike tv-bileta med stor interesse. Aldri har ein tsunami vært dokumentert på denne måten...

Video Lokal tsunamiforsker

Sylfest Glimsdal forskar på tsunami frå Molde