Hopp til innhold

Verft er stengt etter at utanlandsk arbeidar blei smitta

Alle tilsette ved eit skipsverft i Vestnes må halde seg heime etter at ein utanlandsk arbeidar er koronasmitta. No innfører regjeringa strengare krav for innreise.

Aas Mek Verksted i Vestnes

Alle tilsette ved Aas Mek. Verksted må å halde seg heime etter at ein person testa positivt på korona.

Foto: Olav Hole

Importsmitte frå utanlandske arbeidskraft er ei stor utfordring for Noreg.

51 personar er torsdag sett i karantene etter at ein utanlandsk arbeidar ved Aas Mek. Verkstad i Vestnes i Møre og Romsdal har testa positivt på covid-19.

Verftet er stengt og alle nærkontaktane blir testa i dag.

– Har følgt gjeldande reglar

Personen testa først negativt på fredag og har difor vore i arbeid til han fekk positivt resultat på test nummer to.

– Personen jobba to dagar. Vi har bede alle om å halde seg heime til vi får gjort smittesporinga, seier kommunelege i Vestnes, Sabine Relling Bredeli.

Nye reglar for utanlandske arbeidarar vart innført laurdag førre veke. Sidan arbeidaren kom til landet fredag, var det dei gamle reglane som gjaldt.

– Verftet har absolutt følgt gjeldande reglar, understrekar Bredeli.

Nokre kilometer unna verftet bur hundrevis av utanlandske arbeidarar på brakkeriggen til Vard. Her sit eit titals personar i isolasjon med koronasmitte, ifylgje kommunelegen.

Må vise negativ test

Ordfører i Ålesund Eva Vinje Aurdal (Ap)

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, (Ap) helsar nye tiltak velkomen.

Foto: Trond Vestre / NRK

No varslar regjeringa at dei som kjem frå raude land må vise attest på at dei har negativ test tatt under 72 timar før innreise.

Dersom personen ikkje kan vise fram ein slik test, kan han bli nekta innreise. Dette blir sett i verk frå midnatt, natt til måndag 9. november.

Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) meiner det er på høg tid å krevje ein slik attest. Møre og Romsdal har hatt lite smitte, men store delar av dei koronasmitta på statistikken til Ålesund er nettopp gjestearbeidarar.

– Vi ser at dette er eit heilt nødvendig tiltak. Vi har ansvarsfulle arbeidsgivarar som i stor grad har klart å isolere smitten slik at det ikkje har spreidd seg til lokalsamfunnet, men det kostar, seier Aurdal.

Dyrt med testing og karantene

Espen Remme, regiondirektør i NHO

NHO-direktør Espen Remme meiner innstramminga er viktig.

Foto: Trond Vestre / NRK

NHO-direktøren i Møre og Romsdal, Espen Remme, er tydeleg på at innstramminga frå regjeringa er viktig.

– Bedriftene dette gjeld tar smittevern på alvor, og mange har alt innført dette som krav før dagens innstramming. Bedriftene er ein del av eit lokalmiljø, og dei merkar konsekvensane for det samfunnet dei er ein del av, seier han.

Remme slår fast at verfta er heilt avhengige av arbeidskraft frå andre europeiske land, og han meiner regjeringa bør få på plass kompensasjonsordningar for smitteverntiltaka.

– Testing og karantene er dyrt. Det er snakk om millionar for enkelte av bedriftene. Vi har tatt opp dette igjen og igjen, utan at det har skjedd noko.

Hege Anita Akselvoll, informasjonsdirektør i VARD.

Hege Anita Akselvoll fortel at dei har oppdaga smitte hos totalt 30 arbeidarar i karantene sidan i sommar. – Eg håper folk i lokalsamfunnet stolar på at vi har kontroll på smitten, og tar smittevern på alvor, seier ho.

Foto: Roar Strøm / NRK

Har brukt 45 millionar på smittevern

Verftskonsernet Vard med fleire verft i Møre og Romsdal, har brukt 45 millionar kroner på testing og karantenetiltak frå august og ut oktober.

– Det betyr 500.000 kroner dagen. Når karanteneperioden no blir forlenga, vil det koste enda meir, seier kommunikasjonsdirektør Hege Anita Akselvoll.

Dei har alt, på eige initiativ, starta organisering av testing i heimlandet før innreise til Noreg, og har full forståing for at reglane blir stramma inn.

– Men eg håper inderleg at styresmaktene snart vil kome med ein tiltakspakke som treff verftsindustrien, seier Akselvoll.

Nokre er likevel smitta

Oddvar Hølland

Oddvar Hølland er klubbleiar ved Aker Solutions i Egersund. Dei har allereie krav om negativ test.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

I den vesle kommunen Hyllestad i Vestland blei halvparten av innbyggjarane sett i karantene etter at over 100 verftsarbeidarar på Havyard testa positivt på covid-19.

Industri over heile landet er heilt avhengige av utanlandske arbeidarar.

Aker Solutions i Egersund har allereie krav om negativ test før arbeidarane kjem inn i landet.

– Vi vil hindre at det kjem meir smitte til Noreg, og vi stansar difor innreise dersom dei får positive svar. I etterkant har det vist seg at nokre likevel er positive. Kanskje har dei blitt smitta på kort tid før dei kjem hit, seier Oddvar Hølland. Han er klubbleiar ved Aker Solutions i Egersund.

Bedrifta har ikkje hatt minimumsgrense for når testen skal takast, men vil no fylgje kravet om testing 72 timar før innreise. Hølland har også forstått at det har vore problem med testkapasiteten i Polen og at det skal vere vanskeleg å få tak i testar.

– Vi får sjå korleis dei ordnar det der, seier Hølland.

Ole Sandvik verftsdirektør for Aibel Haugesund

Ole Sandvik er verftsdirektør for Aibel i Haugesund.

Foto: Iris Elin Ullvang / NRK

Kan bli krevande

Aibel i Haugesund har fleire hundre utanlandske arbeidarar, som dei er heilt avhengige av. Dei nye reglane kom ikkje overraskande på bedrifta.

– Det at dei må ha negativ test før dei kjem til Noreg kan bli svært krevande for oss. Vi er usikre på om kapasiteten til å teste finst i utlandet, seier verftsdirektør Ole Sandvik.

Fram til no har bedrifta sterkt anbefalt at arbeidarane må teste seg i heimlandet før dei kjem til Noreg. Dei fleste har følgt anbefalingane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL