Hopp til innhold

Smitten på verftet sette halve kommunen i karantene: – På tide med innstrammingar

Nye krav er på plass for arbeidstakarar som kjem frå utlandet til Noreg. Ordføraren i Hyllestad gler seg over innstrammingar, men fryktar tiltaka ikkje blir følgde utan økonomisk støtte.

Havyard i Leirvik i Hyllestad

TETTE FORHOLD: På skipsverftet Havyard har arbeidarane budd tett på brakkeriggane. Frå og med torsdag er det krav om einerom.

Foto: Elise Kvien / NRK

Importsmitte frå utanlandske arbeidskraft har vore ei utfordring for Noreg. Rundt eitt av ti smittetilfelle dei siste vekene har vore knytt til arbeidstakarar frå Polen.

Til no har utanlandske arbeidarar sleppt ti dagar i karantene.

Frå og med torsdag 29. oktober vil utanlandske arbeidarar som kjem til Noreg møte nye og strengare krav:

  • Arbeidstakaren må teste negativt kvar tredje dag for å få unntak frå karantene
  • Arbeidstakarane skal bu på einerom
  • Arbeidstakarar frå land som er definert som raude må i karantene i ti dagar

– Vi set desse tiltaka i verk no fordi vi har meir kunnskap om korleis smitten spreier seg, sa statsminister Erna Solberg (H) under pressekonferansen.

Tiltaka vil i første omgang vare fram til tidleg i desember.

o7yzUP0fxOc

NYE TILTAK: Erna Solberg la i dag fram nye nasjonale koronatiltak.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Trur tiltaka er avgjerande

Den vesle kommunen Hyllestad hadde hundre gongar raudt smittenivå etter at over 90 verftsarbeidarar på Havyard testa positivt på covid-19.

Måndag ettermiddag blei det stadfesta eit nytt koronatilfelle hos verftet. Ein tilsett på Havyard sitt verft i Leirvik har fått påvist koronasmitte og sit no i isolat, stadfesta leiaren til Firda .

Erlend Hatleberg hos Havyard i Leirvik.

KREVJANDE: Erlend Hatleberg leiar skipsverftet Havyard i Ytre Sogn som nyleg har vore gjennom eit utfordrande smitteutbrot.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi oppdaga dette i helga. Han har ikkje vore i arbeid, men vart sett rett i isolasjon, seier dagleg leiar Erlend Hatleberg

Hatleberg er klar på at dette ikkje er eit nytt utbrot, men eit tilfelle.

– Vi har god oversikt over situasjonen, seier verftsleiaren som trur dei nye tiltaka blir avgjerande for å hindre nye utbrot.

Halve kommunen i karantene

Ordførar Kjell Eide reknar med at over 700 personar i kommunen, som tel kring 1500 innbyggjarar, har vore i karantene til no.

Han er glad for at det no blir innstrammingar.

– Dette viser vel at det har vore naudsynt å sjå på reglane for innreise. Eg har jo også uttalt at eg meiner det har vore litt for slakt, og at det må vere strengare, seier ordførar Kjell Eide (Ap).

På Havyard blir arbeidarane allereie testa to gongar før dei får begynne i jobb, etter det eksplosive utbrotet som sette verftet ut av spel.

– Så her er det allereie strengare enn slik det var, seier han.

Ordførar Kjell Eide i Hyllestad.

PÅ TIDE: Ordførar i Hyllestad, Kjell Eide (Ap), har lenge ønska seg strengare tiltak for utanlandsk arbeidskraft.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Også Kværner på Stord og i Verdal, Aker Solutions i Egersund og Elkem i Salten har hatt smitte som følgje av importert arbeidskraft.

Stord kommune har meld om totalt 65 tilfelle av koronavirus sidan mars. 30 av desse er knytte til polske arbeidarar på Kværner Stord, skriv FHI i sin siste rapport.

– Vi må sette oss ned og sjå korleis dei nye reglane påverkar vår aktivitet. Men vi har allereie hatt på plass eit system med tre testar, der vi fangar opp og isolerer tilreisande medarbeidarar som er smitta, seier kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Kværner.

Fryktar tapte arbeidsplassar

NHO fryktar at strengare tiltak vil føre til store konsekvensar for bedriftene.

– Dette er ein veldig alvorleg dag for veldig mange av våre bedrifter. Dersom vi no ender opp med smitteverntiltak som gjer at bedrifter ikkje kan halde på verksemdene sine, kan vi risikere at arbeidsplassar går tapt, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid.

På pressekonferansen i ettermiddag fekk statsministeren spørsmål om økonomiske tiltakspakkar er på veg til selskap som er avhengige av utanlandsk arbeidskraft.

Det svara Solberg nei på.

– Men vi har andre ordningar. Så langt har ein gjort unntak for det som er regelverket når ein har arbeidskraft som kjem utanfrå. Med det smittebiletet vi har i Europa no er sjansen for at dei som kjem har med seg smitte blitt høgare, forklarte statsministeren.

– Det betyr at arbeidsgivarar må vurdere kva turnusordningar dei har, slik at karantenetida i Noreg blir ein mindre del av opphaldet deira.

Ole Erik Almlid

BEKYMRA: NHO-leiar Ole Erik Almlid trur innstrammingane vil ramme bedrifter hardt økonomisk.

Foto: Moment Studio

– Smitteutbrota kostar også

I Hyllestad meiner ordføraren at større utbrot kan vere vel så dyrt som nye tiltak. Utbrotet hjå dei har passert ti millionar kroner i kostnader.

– Vi fekk eit større utbrot, og det kostar jo også pengar. Det er litt vanskeleg å seie akkurat kvar ein skal legge seg, men første prioritet må vere å ikkje få slike utbrot, seier han.

Men ordføraren meiner likevel at regjeringa bør tilby økonomisk støtte til selskapa som treng utanlandsk arbeidskraft.

– Dette blir ein kostnad uansett kva krav ein stiller. Der bør myndigheitene sjå på korleis ein kan kompensere bedriftene, slik at dette også blir tatt på alvor, seier han.