Hopp til innhold

Har brukt meir enn 45 millionar på koronatiltak på to månader

Skipsverfta til Vard brukar fleire hundre tusen i veka på testing av utanlandske arbeidarar. No etterlyser næringa meir pengar.

Vard Langsten

VERFT: Vard er avhengig av utanlandsk arbeidskraft. Det kostar mykje i form av koronatiltak.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På skipsverfta til Vard blir det snakka både polsk, rumensk og italiensk. For å få bygd båtane er verfta heilt avhengige av utanlandske arbeidarar. Men det kostar. Berre sidan august har konsernet brukt over 45 millionar kroner på koronapandemien.

Hege Akselvoll Komunikasjonsdirektør Vard

Hege Akselvoll er kommunikasjonsdirektør i Vard. Ho etterlyser meir pengar til skipsnæringa.

Foto: Remi Sagen / NRK

Regjeringa skjerpar no inn reglane for utanlandske arbeidarar etter ein auke i importsmitte. I Hyllestad i Vestland fylke blei 90 verftsarbeidarar smitta etter eit utbrot. Smitten på verftet sette også halve kommunen i karantene.

– Smitteverntiltaka har vore kostbare for oss lenge. Og for kvar arbeidar som no må sitte lenger i karantene vil det føre til ekstra kostnadar for oss, seier Hege Akselvoll, kommunikasjonsdirektør i Vard.

Har avdekt 17 smitta

Vard sine arbeidarar har heile tida budd på einerom i brakkeriggar under karanteneopphaldet og hatt eit krav om to negative koronatestar før dei kan starte arbeidet. Hittil i år har verftet funne 17 smitta.

Brakkeby ved Vard Langsten i Tomrefjord

BRAKKERIGGAR: Vard sine arbeidarar har heile tida budd på einerom i brakkeriggar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dei nye reglane fører ikkje til store endringar i dei allereie etablerte rutinane for verfta til Vard, sidan det er tiltak dei allereie er kjent med, men det fører til mindre fleksibilitet og større kostnadar, fortel Akselvoll.

– Om kvar enkelt arbeider må sitte tre dagar ekstra i karantene, og ein gonger det med 100 eller 1000 personar, så utgjer det ein del, seier ho.

Akselvoll forstår behovet for ei innstramming som følge av situasjonen, men meiner det må kome pengar frå regjeringa til eksportretta næring som er hardt råka av pandemien. Ho meiner også at verftsnæringa generelt har fått for lite i tiltakspakkane som har kome til no.

– Vår første prioritet er å hindre smitte og vi tek tiltaka på høgste alvor. Difor har vi hatt strengare krav enn det regjeringa har kome med, men det er klart at vi er uroa for dei økonomiske konsekvensane dette vil få, seier Akselvoll.

Store kostnadar

Også ved Ulstein verft er ein avhengig av arbeidskraft frå andre land.

Halvparten av dei 600 tilsette er utanlandske. Også dette verftet har allereie kravd to negative testar før arbeidarane kjem ut i jobb. Med innskjerpinga frå regjeringa betyr det at leigearbeidarar frå raude land må sitte litt lenger i karantene. Dette betyr ekstra kostnader.

– Alle ekstrakostnadene er krevjande for ei bedrift i konkurranseutsett industri, seier beredskapsansvarleg, Jan Peder Hoggen. Han har ikkje oversikt over kor store summar Ulstein verft har brukt på smittevern.

Ulstein Verft

Halvparten av arbeidarane ved Ulstein verft er utanlandske.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Bør få støtte

NHO fryktar at strengare tiltak vil føre til store konsekvensar for bedriftene.

– På eit eller anna tidspunkt må næringane som er mest utsett bli kompensert. Det begynner å bli ein betydeleg kostnad, seier regiondirektør i NHO, Espen Remme.

Ordfører i Ålesund Eva Vinje Aurdal (Ap)

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) meiner regjeringa må kompensere koronakostnader som næringslivet har.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) ser at bedriftene tar ein stor kostnad med å teste og sette utanlandske arbeidarar i karantene.

– Det er heilt klart at her må regjeringa inn og bidra, seier Aurdal.

Også i Hyllestad kommune meiner ordføraren at regjeringa bør tilby økonomisk støtte til selskapa som treng utanlandsk arbeidskraft.

Forstår utfordringa

Næringsminister Iselin Nybø (V) seier at ho har stor forståing for at dette er ein vanskeleg situasjon for bedriftene som er avhengige av utanlandsk arbeidskraft.

– Regjeringa har gjennomført ei rekke generelle tiltak som kjem næringslivet til gode, og som de ramma bedriftene også kan nytte seg av. Samstundes fylgjer vi saka nøye og vurderer fortløpande behovet for nye tiltak, seier Nybø.

Iselin Nybø og Linda Hofstad Helleland

Statsrådane Iselin Nybø og Linda Hofstad Helleland besøkte Vard Langsten i mai, då dei la fram ein tiltakspakke for den maritime næringa.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL