Er uroa for fristbrot
Barnehusa her i fylket klarer ikkje å overhalde fristane for avhøyr av barn som er utsett for vald og overgrep.
Barnehusa er pålagt å møte barnet innan ei veke når det gjeld pågåande valdssaker og seinast tre veker etter at saka er meldt, dersom den må bli etterforska. Men fristane blir stadig brotne. Det uroar leiar for Statens Barnehus i Ålesund, Ingrid Heggli. No ønskjer ho betre samarbeidsrutinar med politi og barnevern for å auke rettstryggleiken til barna. – Eg føler at det ikkje er like sterkt fokus på å overhalde fristane som det var før. Eg er uroa for at barn går for lenge og ventar etter at dei har fortalt kva som har skjedd med dei, seier ho.