Hopp til innhold

– Vi må vere nysgjerrige på born sine digitale liv

Ingrid Heggli, dagleg leiar i Statens Barnehus i Ålesund, meiner det er naudsynt at foreldre har fokus på born sine digitale liv og er nysgjerrige på kva som skjer i denne delen av livet deira.

Ingrid Heggli

DIGITALE LIV: Dagleg leiar i Statens Barnehus i Ålesund, Ingrid Heggli, trur ikkje foreldre alltid er klar over at det reelle og det digitale livet er eitt og same livet for born. Ho meiner difor at foreldre må bli enda meir nysgjerrige på kva borna gjer i sine digitale liv.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Fleire i politiet er i dag tilsette som digitale etterforskarar og Heggli trur det er naudsynt med enda større ressursar på feltet. Mange overgrepssaker vert fanga opp på internett og ho har difor ei viktig oppmoding til foreldre:

Daglig leder i Statens barnehus i Ålesund Ingrid Heggli

PSYKISK SKADD: – Vi ser at born som vert utsett for overgrep på nettet kan bli like psykisk skada som dei som vert utsett for direkte fysiske overgrep, fordi dei til dømes kan ha fortalt heile si livshistorie til nokon som gav seg ut for å vere nokon annan, eller at det kan vere bilete på avvegar, fortel dagleg leiar Ingrid Heggli.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Som vaksne er vi nøydde til å spørje korleis borna har hatt det på skule, men også om korleis det går på nettet for tida. Vi må vere nysgjerrige på deira digital liv og kven dei har kontakt med der, fortel Heggli.

Bevisstgjering og kampanjar sentrale

Skulle born fortelje om noko dei har blitt utsett for på nettet, meiner Heggli det er viktig at foreldre ikkje reagerer med kople frå internett i huset og ta frå borna smarttelefonane. Dette kan verke mot si hensikt og gjere at born vel vekk å fortelje om eventuelle overgrep.

Talet på seksuelle overgrep mot born som vert melde til politiet her i landet har auka kraftig dei siste par åra og held fram med å auke, viser nye tal frå politiet. Ved Statens Barnehus i Ålesund hadde dei om lag 200 avhøyr i 2014, medan i 2016 var talet oppe i om lag 400.

– Det har vore veldig mange avhøyr i haust, dei siste tre vekene har vi hatt om lag 14 avhøyr i veka. Så eg er spent på kva talet vert for 2017, men eg vil anta at det blir om lag 400 også i år, seier Heggli.

Ho trur tal saker vi halde fram på eit høgt nivå og at årsaka til det handlar mykje om auka bevisstgjering og ulike kampanjar som har blitt initiert i det siste.

Det at kampanjane fortel kva som er lov og ikkje lov, samt korleis borna skal vende seg til vaksne, gjer at det blir lettare for born å fortelje at dei er blitt utsett for overgrep, trur Heggli.

– Ungane mine går i 6. og 7. klasse og dei hadde sett på NRK Super-kampanjen i dag i matpausen. Det er flott at Redd Barna og NRK har slike kampanjar, men også at skulane ikkje vegrar seg for å vise dette til borna, seier Heggli.

Statens barnehus i Ålesund

Statens Barnehus i Ålesund.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Statens Barnehus i Ålesund er no utvida med ei halv etasje og det arbeidast med å tilsette fleire. Barnehuset har fått øyremerka midlar til å bygge opp og planen er å gå frå 6 til 9 tilsette på nyåret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL