Hopp til innhold

Fire vaksne i same familie dømde for grove overgrep mot borna

Først blei ein bestefar og to foreldre dømde for grove overgrep mot tre små barn. No er også ein onkel tatt for fleire overgrep.

Barneskisse, Statens barnehus

Etterforskarane brukte skisser av barnekroppar i avhøyra av borna for å hjelpe dei til å forklare kva dei hadde vore utsette for.

Foto: Øystein Eldholm/NRK

Det var ingen som slo alarm om det som skjedde heime hos familien før borna kom i fosterheim. I fleire år budde både barn og vaksne i ei lita bygd i Møre og Romsdal. Den siste tida har politiet rulla opp sakene som viser kva som føregjekk i skjul.

Både bestefaren og dei to foreldra til tre av barna blei tidlegare i vår dømde til lange fengselsstraffer. Denne veka blei også onkelen dømt for liknande overgrep mot barnet sitt, syskenbarnet til dei tre andre.

– Dette er nye opplysningar, og det er urovekkjande, seier Jasmin Gheshlaghi, som er bistandsadvokat.

Jasmin Gheshlaghi

Jasmin Gheshlaghi var bistandsadvokat for barnet i rettssaka som nyleg gjekk for Trøndelag tingrett. Barnets far nekta straffskuld, og ønskte ikkje at det skulle bli spelt av eit lydopptak der han beklaga det han hadde gjort.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Ho representerte det siste offeret i rettssaka som nyleg gjekk i Trøndelag tingrett, og seier ho ikkje kjende til at både faren, systera og svogeren nyleg var dømde for overgrep.

Silhuett mann

Bestefar

  • Blei nyleg dømd til 10 års fengsel i Frostating lagmannsrett
  • Nekta all skuld
  • Far til kvinne som blei dømd i samme sak, far til mann som nettopp blei dømd i ei liknande sak 
silhuett kvinne

Mor

  • Blei nyleg dømd til 10 års fengsel i Frostating lagmannsrett
  • Nekta all skuld
  • Systera til han som nettopp blei dømd i ei liknande sak 
Silhuett mann

Far

  • Blei nyleg dømd til 9 års fengsel i Frostating lagmannsrett
  • Nekta all skuld
  • Tidlegare gift med kvinna som blei dømd i samme sak, svoger til mannen som nyleg blei dømd i ei liknande sak
Silhuett mann

Onkel

  • Blei nyleg dømd til 1 år og tre månaders fengsel for overgrep mot sitt eige barn 
  • Nekta all skuld
  • Onkelen til dei tre borna som blei utsette for overgrep frå mor, far og bestefar  

Hemmeleg opptak felte han

Mannen i 50-åra som no er dømd forgreip seg på barnet sitt når mora ikkje var heime. Då mora etter kvart fatta mistanke, utstyrte ho seg med lydopptakar, og konfronterte mannen ho budde saman med.

Trass i sterke protestar frå mannen, blei lydopptaket spelt av under rettssaka. Der fekk retten høyre mannen be kona si om orsaking for det han hadde gjort.

Statsadvokat Eli Reberg Nessimo seier ho ikkje var klar over at den andre overgrepssaka i familien. Ho seier dei ikkje mistenkjer at onkelen har forgripe seg mot fleire av borna.

– Saka i Møre og Romsdal har ikkje vore tema i vår sak. Eg ser ikkje at den ville hatt noko å seie for etterforskinga eller rettargangen her, seier Nessimo.

Eli Nessimo

Statsadvokat Eli Reberg Nessimo i Trøndelag avviser at det er nokon samanheng mellom sakene.

Foto: Tarjei Abelsen

Uvanlege funn

Spesialistane som forklarte seg om syskenflokken på tre, seier dei aldri før har sett slike skadar etter overgrep. Borna blei misbrukte frå dei var spedbarn og måtte leggjast i narkose før fagfolk kunne undersøkje dei.

Onkelen sitt namn var nemnd under rettssaka i Møre og Romsdal, men han var aldri mistenkt for overgrep mot syskenflokken.

– Vi hadde ingen haldepunkt for å etterforske onkelen. Bevisa peikte mot forholda som dei tre andre var tiltalte for, seier statsadvokat Ingvild Thorn Norheim i Møre og Romsdal.

Ho seier politiet utvekslar informasjon i straffesaker dei meiner det er nødvendig.

Aksla rettssak - Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim

Statsadvokat Ingvild Thorn Norheim i Møre og Romsdal seier ho ikkje kjende til saka i Trøndelag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Klare arvelege komponentar

Barne- og rettspsykolog Svein Øverland ved Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri i Helse Midt seier overgrepskriminalitet til ein viss grad kan gå i arv.

– Det er dekning for å seie at pedofili har klare arvelege komponentar. Men i tillegg må det vere ein del tilleggsfaktorar for at den pedofile skal omsette sin seksuelle interesse til seksuelle overgrep, seier han.

Øverland seier desse «tilleggsfaktorane» gjerne er dyssosialitet eller nedsett empati. Han strekar også under at det også finst pedofile som ikkje misbrukar barn, og folk som misbrukar barn som ikkje har pedofili.

– Er det grunn til å tru at barn som har blitt misbrukte, sjølv risikerer å bli overgriparar?

– Det finst noko forsking som viser at barn som har blitt utsett for overgrep har auka risiko for sjølv å forgripe seg mot andre barn når dei veks til. Men dei fleste gjer det ikkje, slår han fast.

Han strekar under at han ikkje kjenner dei konkrete sakene som er omtalt, og uttalar seg på generelt grunnlag.

Svein Øverland

Svein Øverland er barne- og rettspsykolog. Han seier det finst noko forsking som viser at barn som sjølve har blitt utsette for overgrep har auka risiko for sjølve å forgripe seg.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Alle nektar

Ingen i familien vedgår å ha gjort borna sine noko. Både bestefaren, far, mor og onkel nektar for å ha røyvd borna, men skildra seg sjølve som kjærlege og omsorgsfulle.

Rettssaka mot bestefaren og foreldra til syskenflokken på tre blei anka først til lagmannsretten og seinare til Høgsterett. Nyleg sa Høgsterett nei til å sjå på saka på nytt.

Dommen frå Trøndelag er førebels ikkje rettskraftig.

I den første versjonen av saka sto det at mannen var dømd for fleire valdtekter. Det korrekte er at han er dømd for seksuell omgang.

Les også Syskenflokk skal ha fått alvorlege skadar etter overgrep – fagfolka seier funna er sjeldne

Barneskisse, Statens barnehus