Hopp til innhold

Spår tøft løp for Nordøyvegen

Det blir tøft å få bompengesøknaden om Nordøyvegen gjennom i Stortinget før neste sommar. Det seier leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne.

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne trur løpet mot ein bompengesøknad blir tøff og lang.

Foto: Trond Vestre / NRK

Prosjektet, som vil koste om lag 2,6 milliardar kroner, skal gjennom ei grundig kvalitetssikring før det hamnar i Stortinget.

– Dette blir eit tøft løp, men vi må gjere eit forsøk, slår Oddbjørn Vatne fast.

Han meiner saka må hamrast gjennom i noverande regjering.

– Det er viktig å få det i gong medan denne regjeringa sit.

– Ikkje fordi ei ny regjering ikkje kan klare dette, men å skifte folk vil føre til utsetjingar, trur leiaren i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Saka held fram under bildet.

Fullsett sal i Fylkestinget

Ein fullsett sal i Fylkestinget såg Fylkesutvalet gi Nordøyveg-prosjektet eit rungande ja.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

– Må følgje saka frå kontor til kontor

Det var måndag at fylkespolitikarane godtok den økonomiske byrda som Nordøyvegen vil bli for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det var ein siger for dei som bur på Nordøyane, men no skal den neste runda spelast på bortebane og avgjerast på Stortinget. Den kampen vil først og fremst handle om inntektsmoglegheitene i Nordøyvegprosjektet

To viktige spørsmål:

  1. Kan bompengeinnkrevjinga forlengast til 30 år?
  2. Og vil Stortinget godta ei førehandsavtalt rente med banken på 4,5 prosent?

Oddbjørn Vatne ventar seg hard politisk jobbing fram mot målet.

– Når ein sender bompengesøknad så må ein vere med på lasset. Vi kan ikkje sleppe denne saka før vi har sendt frå oss ein bompengesøknad.

– Vi må følgje saka frå kontor til kontor, og følgje med på at det blir framdrift i saka, avsluttar Vatne.

Nordøyvegen

Slik er Nordøyveg-prosjektet tenkt.

Foto: NRK