Hopp til innhold

– Vi vil vise oss fram på denne historiske dagen

Folk reiser i flokk og følgje frå Nordøyane for å følgje debatten om Nordøyvegen. – Dette vert ein historisk dag, seier dei.

Nordøyvegen

Mange hundre personar frå Nordøyane mobiliserte i dag.

Foto: Roar Halten / NRK

Haram ungdom

Elevane på ungdomsskulen på Haramsøya har fått høve til å reise til fylkestinget i Molde. 300 personar var i formiddagstimane på veg frå Nordøyane for å vere til stades under debatten om Nordøyvegen.

Foto: Kenneth Ulla

I dag skal fylkestinget i Møre og Romsdal seie ja eller nei til milliardprosjektet Nordøyvegen. Vegen skal knyte saman øyane i Haram og Harøya i Sandøy til fastlandet. Vegen er kostnadsrekna til 2,6 milliardar kroner.

– Då samferdsleutvalet sa JA til Nordøyvegen i førre veke, blei det skapt ei enorm optimisme på Nordøyane. No vil vi vise at dette betyr svært mykje for oss, og vi reiser i flokk og følgje til Molde, seier rektor på ungdomsskulen på Haramsøya, Kenneth Ulla.

Fylkestinget tek til klokka 13.00. For at du skal kunne sjekke at du har oppdatert programvare på PC-en din, ligg vi alt no ute med levande bilete frå fylkestingssalen. Lyden blir ikkje skrudd opp før møtet tek til.

Måndag 27/8 diskuterer Fylkestinget i Møre og Romsdal om Nordøyvegen skal bygges.

NORDØYVEGEN - FYLKESTINGDEBATT

– Ein historisk dag

I morgontimane stemna 7 store og små passasjerbåtar frå Nordøyane i retning Molde. Folk har fått fri frå skulen og frå jobben for å vere med. Dei har teke i bruk båtar som vanlegvis går i passasjer- og turisttrafikk. Til saman har båtane plass til 300 personar.

– Vi har gitt elevane på ungdomsskulen høve til å vere med til fylkestingsmøtet. Dei er framtida og dette handlar om framtida. Dei skal få oppleve denne historiske dagen på nært hald. Og dette er jo også samfunnsfag og historie, ja til og med geografiundervisning samstundes, seier Ulla.

På veg til Molde

Ungdomsskuleelevane både på Haramsøya og Harøya får vere til stades på fylkestingsmøtet.

Foto: Kenneth Ulla

– Eit oppegåande næringsliv

På Harøya har også dei tilsette på bedrifta I.P Huse fått høve til å vere til stades under fylkestingsmøtet. Bedrifta ligg på Harøya, og er sterkt inne i finansieringa av sambandet. Bedrifta leverer i første rekkje utstyr til den maritime industrien, og ser for seg Nordøyvegen som eit viktig bidrag til at bedrifta skal halde fram å vekse.

Nordøyvegen er viktig for Nordøyane og heile regionen. Dette er eit område som har mykje å by på, med eit i høgste grad oppegåande næringsliv. Vegen er ei investering som vil generere inntekter for storsamfunnet.

IP Huse

Bedrifta IP Huse er med og finansierer Nordøyvegen. Her er dei tilsette på veg til passasjerbåten, for å følgje debatten i fylkestinget.

Foto: Kenneth Ulla

– Positivt samfunnsrekneskap

Kennet Ulla seier han godt kan forstå at folk som ikkje har direkte nytte av vegen stiller spørsmål ved om 2,6 milliardar kroner er mykje pengar for ein veg til øyar der det ikkje bur så veldig mange menneske. Men pengebruken let seg absolutt forsvare, seier han.

– Uansett må det brukast mykje, mykje pengar på å halde oppe eit ferjesamband til øyane. Desse pengane bør heller brukast til å gje oss fast samband. Og investeringa kjem til å generere inntekter og det skaper mulegheiter. Det skal bli interessant å sjå den endelege samfunnsrekneskapen kring prosjektet, seier Kenneth Ulla.

Nordøyvegen

Nordøyvegen skal binde saman Harøya i Sandøy og øyane i Haram med fastlandet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL