Hopp til innhold

– Framtida for lokalmiljøet vårt blir avgjort i dag

FLEMSØY/SKULØY (NRK.no): Dei satsar på framtida på øya si. Og dei ønskjer at mange fleire skal få ta del i det gode oppvekstmiljøet der. – Når Nordøyvegen kjem, kjem også folket tilbake hit, seier Odd Einar Molnes.

Familien Molnes

Odd Einar Vedeld Molnes, med vesle Oliver på fanget. Kona Britt Tove Vedeld Molnes blir flankert av borna Ruben og Adrian. Dei har alt bestemt seg for å satse på Flemsøy/Skuløy. I denne lia er dei i ferd med å byggje den framtidige heimen sin. I dag skal fylkestinget legge eit grunnlag for korleis framtida på Nordøyane kan bli.

Foto: Terje Reite / NRK

Familien består av far, mor og tre barn. No står dei klar til å stikke spaden i jorda på tomta der dei skal byggje huset sitt. Det er fleire byggjeklare tomter i feltet. Med Nordøyvegen kjem optimismen, og familien vonar det blir rift om utsiktstomtene oppe i lia.

Vi veit at fleire står klare til å flytte tilbake til øyane. Folk har busett seg slik at dei kan køyre til jobb. Når Nordøyvegen er ferdig kan folk kome og reise som dei vil, seier Odd Einar Molnes.

Fylkestinget tek til klokka 13.00. For at du skal kunne sjekke om du har oppdatert programvare på PC-en din, ligg vi alt no ute med bilete frå fylkestingssalen. Lyden blir skrudd på når møtet byrjar.

Måndag 27/8 diskuterer Fylkestinget i Møre og Romsdal om Nordøyvegen skal bygges.

I dag seier Fylkestinget i Møre og Romsdal ja eller nei til Nordøyvegen. Mange vil hevde at vedtaket kjem til å ha store følgjer for utviklinga av øyane i Haram og Sandøy.

– Dette er ei investering

I dag skal fylkestinget i Møre og Romsdal ta stilling til om dette gigantprosjektet skal byggjast eller ikkje. Tidlegare har administrasjonen i fylket sagt nei, fordi prosjektet var for dyrt. Dei siste dagane er både investeringskostnadene og rentekostnadene justert ned. Det har ført til at administrasjonen seier ja. Dagen i dag vil vise om også politikarane seier ja til prosjektet.

Odd Einar Vedeld Molnes

Odd Einar Vedeld Molnes.

Foto: Terje Reite / NRK
Britt Tove Vedeld Molnes

Britt Tove Vedeld Molnes.

Foto: Terje Reite / NRK

Eg vonar at politikarane verkeleg ser at dette er ei investering. Eg vonar at dei ser langt inn i framtida og at dette er eit samfunnsprosjekt. Det handlar både om å ta vare på eit godt oppvekstmiljø og å støtte opp under den store verdiskapinga vi har her ute på øyane, seier Molnes.

Byggjer for framtida

Odd Einar og Britt Tove Vedeld Molnes viser meir enn gjerne fram tomta der dei er i ferd med å gjere seg klar til å byggje seg hus.

– Det blir veg her øvst oppe, med ein garasje. Litt lenger framme her skal huset stå. Vi får ei fantastisk utsikt sør over mot Lepsøyrevet og Haramsøya, peikar Molnes.

– Vil ha fleire naboar

Frå stovevindauget vil familien kunne sjå til området der brua frå fastlandet skal kome på land på Haramsøya. Dei ser også rett ned på ei av dei store bedriftene i området, Rolls-Royce.

– Vi trur på framtida her. Men vi vil gjerne ha fleire naboar. Oppvekstmiljøet for ungane er heilt fantastisk her. Med vegen blir det lettare å halde oppe arbeidsplassane, og dermed held oppe vi også eit levande lokalmiljø her, seier Britt Tove Vedeld Molnes.

– Problemet er at her nesten ikkje er nokon mellom 20 og 30 år. Då reiser gjerne folk ut for å realisere seg sjølv. Men når bruene og tunnelane kjem, vil det vere fullt mogleg å bu her, samstundes som det for mange nok vil vere aktuelt å ha arbeid på fastlandet. Vi vil gjerne ha barnefamiliane tilbake.

Ullasundbrua

Haramsøya og Flemsøy/Skuløy er knytt saman med brua over Ullasundet.

Foto: Terje Reite / NRK

– Kortare reise mellom øyane

Britt er fødd og oppvaksen på Flemsøy/Skuløy. Odd Einar er opphavleg frå Harøya, den nordlegaste og mest folkerike øya som etter planen skal knytast til Nordøyvegen. Mens Odd Einar er aktiv innan fotball og revy, har Britt Tove engasjert seg i arbeidet for trafikktryggleik.

– Med Nordøyvegen får eg kort veg heim til Harøya. Det blir lettare for alle å reise mellom øyane. Tenk berre på kor mykje lettare det skal bli å kome seg på badeland på Finnøya, for eksempel. Arbeidsmarknaden blir annleis, og det kjem til å styrke kulturlivet. I dag reiser folk med ferje mellom øyane for å vere med på fotballaktivitetar, seier Odd Einar Molnes.

Nordøyvegen

Nordøyvegen skal knytte øyane i Haram og Harøya i Sandøy til fastlandet.

Fylkestinget avgjer i dag

Kampen om Nordøyvegen har gått føre seg i årevis. Etter at politikarane i Møre og Romsdal fekk på plass store prosjekt som Krifast, Atlanterhavsvegen, Atlanthavstunnelen, Eiksundsambandet, Kvivsvegen og Tresfjordbrua, har realismen i Nordøyvegprosjektet stige kraftig. Dei siste vekene før behandlinga i fylkestinget, dukka det opp eit reknestykke som viste at både investeringane og drifta kosta mykje meir enn tidlegare rekna med.

Sist veke snudde politikarane i samferdsleutvalet fleire steinar, og konkluderte med at både rentene og kostnadene på anlegget var sett for høgt. No har administrasjonen godteke det nye, reduserte kostnadsoverslaget. Dermed er sjansen for at prosjektet blir vedteke auka.

Vi bur på nokre øyar med eit fantastisk oppvekstmiljø, og ei fantastisk dugnadsånd. Her er eit levande kulturliv, og det burde vere svært attraktivt å bu her. Når Nordøyvegen er på plass vil nok fleire velje som oss, nemleg å setje spaden i jorda og starte å byggje her ute, seier Brit Tove Vedeld Molnes.

Etter at saka er behandla i fylkestinget skal også stortinget ha prosjektet til behandling.