Hopp til innhold

– Dette er ein historisk dag

Øyfolket fekk det som dei ville. Fylkestinget i Møre og Romsdal sa ja til Nordøyvegen. No skal dei sentrale styresmaktene overtydas om at vegen må byggjast.

Fleire hundre øybuarar hadde møtt opp. Dei hadde med seg norske flagg og banner som talte eit tydeleg språk om at fylkestinget måtte seie ja til Nordøyvegen. Ordførar i Haram, Bjørn Sandnes, fekk det vedtaket han ville ha i dag.

Bjørn Sandnes

Bjørn Sandnes er ordførar i Haram.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette er stort. Dette er ein historisk dag. Eg er glad. Eg er stolt. Eg er glad fordi politikarane er så klar på det dei vil gjere med Nordøyvegen. Det var godt at administrasjonen endra innstillinga til ein positiv vilje. No har vi med oss både politikarane og administrasjonen i det vidare arbeidet, seier ein glad ordførar i Haram, Bjørn Sandnes til NRK.

– Utruleg stolt

Sju passasjerbåtar frakta folk frå Nordøyane til Molde i dag. Bedrifter og skular gav folk fri, slik at dei kunne oppleve den historiske dagen.

– Eg er utruleg stolt av befolkninga i Sandøy og Haram. Dei stiller sånn til dei grader opp. Dei har vist at dei verkeleg vil ha dette. Dette er heilt topp.

SV ville ha gang- og sykkelvegar

Under behandlinga i fylkestinget var alle samde om at Nordøyvegen har stor nytteverdi. Spenninga knytte seg til om politikarane var for dristige i forhold til dei økonomiske utfordringane.

Den vesle politiske usemja handla om satsinga på gangs- og sykkelvegar og kollektivtilbod på øyane. For å unngå høge kostnader er deler av gang og sykkelveg-opplegget stroke.

– Forplikta til kollektivløysingar

SV-representant Ingrid Opedal ville at det skulle ligge inne signal om at gang- og sykkelvegar skulle prioriterast, og at ein skulle arbeide for eit betre kollektivtilbod.

Gjennom klimaforliket har vi forplikta oss til å satse på gode kollektivløysingar. Vi må ha med signala om at det skal byggjast gang- og sykkelvegar. I denne samanhengen er dette snakk om småpengar, sa Ingrid Opedal (SV) under debatten.

– Ikkje stopp prosjektet

Fleire representantar sa at dei ønskjer ei satsing på gang- og sykkelvegar. Men dei var redde for å legge for mange, kostnadskrevjande prosjekt inn i planane for Nordøyvegen no.

La oss ikkje gjere det slik at vegen blir stoppa så snart vi let att døra i dag, sa mangeårig forkjempar for Nordøyvegen, Torleiv Rogne, Sunnmørslista.

– Økonomisk sårbart

Det har svinga stort for Nordøyvegen. I førre veke kunne det sjå ut som om Nordøyvegen blei for dyr. Administrasjonen i fylkeskommunen sette investeringskostnadene til 3,4 milliardar kroner, og finansieringa tok utgangspunkt i ei lånerente på 6,6 %.

Gjennom den politiske behandlinga blei kostnadene skorne ned til 2,6 milliardar kroner. Renta blei sett ned til 4,5 prosent og bompengeperioden blei auka frå 20 til 30 år.

– Vi fekk nokre utfordringar i samband med dei økonomiske tala som kom. Difor måtte vi jobbe no i det siste. Men det snudde førre måndag. Etterpå har dette gått veldig bra, seier ordførar Bjørn Sandnes.

– Men er det økonomisk forsvarleg?

– Det økonomiske opplegget er forsvarleg. Her er ei inntektsside som har vore undervurdert.

Stortinget må seie ja

Når fylkeskommunen har sagt samrøystes ja til prosjektet, betyr det ikkje at spaden kan setjast i jorda. Prosjektet skal kvalitetssikrast, og bompengeprosjektet må godkjennast av Stortinget.

– No skal vi jobbe framover mot vedtaket i Stortinget. Vi har fått ei førehandsgodkjenning av prosjektet i desember i fjor. Likevel har vi ein jobb å gjere framover, seier Sandnes.

Det er framleis uklart når vegen kan opnast. Mykje avheng både av farta i det vidare politiske arbeidet, og av kva opplegg dei som legg inn anbod tenkjer seg. Men etter planane skal prosjektet stå ferdig i god tid før 2020.

– Vi vonar vi kjem i gang i 2013. Det er større sjanse at vi kjem i gang i 2014. Så spørst det korleis opplegga blir i anboda. Men det er rekna med ei anleggsperiode på fire år. Då kan vi truleg køyre sambandet i 2018, seier ein optimistisk Bjørn Sandnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL