Hopp til innhold

Solhjell reagerer på rovdyr-dusør

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) reagerer kraftig på at organisasjonen Sau og Geit lovar ut dusør til den som skyt rovdyr også utanfor lovleg jakttid.

Bård Vegar Solhjell

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell reagerer sterkt på organisasjonen Sau og Geit sin oppmodingar om ulovleg rovdyrjakt.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Dette er miljøkriminalitet, tordnar Solhjell.

Det var tidlegare denne veka at Sau og Geit i Møre og Romsdal gjekk ut og lova ein dusør på 10.000 kroner til den første som skyt fredag vilt i fylket.

– Det er altfor vanskeleg å få fellingsløyve, og når ein først får så gjeld dei over altofr avgrensa tid og område. Det er ikkje slik det skal vere. Derfor kjem vi no med dette utspelet, sa sauebonde Odd Bjarne Bjørdal til NRK tysdag.

Både utsegn og dusørlovnaden reagerer miljøvernminister Bård Vegar Solhjell kraftig på.

– Dersom du feller eit freda rovdyr, utan løyve, så er det ulovleg jakt. Og vi skal ikkje premiere ulovleg jakt!

Sauedrap i Eikesdal

Slike bilde har det etter kvart blitt mange av. Her har ulv tatt sauer i Eikesdal.

Foto: Hans Erik Oppigard

Bør slåast hardt ned på

Solhjell meiner ein bør nedkjempe både haldningane og slike utsegn.

– For det er eit stort problem. Om lag halvparten av ulv som blir drepne i Noreg og Sverige blir drepne ulovleg. Det skal vi slå ned på.

– Korleis synest du styresmaktene bør takle denne typen utspel?

– Dei har lov til å ytre synet sitt, men det kjem ikkje på tale at vi skal innføre ein slik politikk. Det vitnar om nokre haldningar når ein vil premiere ulovleg jakt – som det å skyte freda dyr utan løyve er, seier Solhjell.

Forstår frustrasjonen

Likevel forstår han dei frustrerte bøndene.

– Eg skjønar at bøndene kan bli veldig oppgidde og leie seg, ja, til og med forbanna, når rovdyr tek mange av deira dyr.

Miljøvernministeren seier det er ein innebygd konflikt mellom rovdyr og beitenæring.

– Det må vi redusere, men det gjer vi definitivt ikkje ved å premiere ulovleg jakt, avsluttar Solhjell.

Sjå intervju med Solhjell i videoen under:

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell reagerer sterkt på at organisasjonen Sau og geit i Møre og Romsdal lovar ut dusør til den som skyt rovdyr også utanfor lovleg jakttid.
Tidlegare denne veka gjekk Sau og geit ut og lovde ein dusør på 10.000 kroner til den første som skaut freda vilt i fylket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL