Hopp til innhold

Fekk ulven på skothald

Berre to dagar etter at Fylkesmannen avslo klagen på utvida fellingsløyve, fekk jegerar rovdyret på skothald i Fjaler.

Hjortejakt stokke

KUNNE IKKJE SKYTE: Trass månadsvis med leiting, kunne dei ikkje felle ulven når han dukka opp.

Foto: Thor Olav Moen

– Fortvilande, seier fellingsleiar Stein Mortensbakke.

Heilt sidan i fjor sommar har same ulven herja i Fjaler, Hyllestad og Høyanger. På søndag var nokre jegrar i nærleiken av ulven, men kunne ikkje skyte rovdyret utan fellingsløyve.

Hannulven har gjort skade på og teke fleire dyr i området. Fylkesmannen gav fellingsløyve på ulven 11. september, som gjekk ut 15. oktober. Fylkesmannen avslo å utvide løyva.

– Potensial for skade i utmark ikkje lenger er til stades, sa Hermund Mjelstad hjå Fylkesmannen, og viste til at sauene er komne i hus.

Fleire bønder har klaga på avslaget og peiker på at politikarane har bestemt at det ikkje skal vere rovdyr i området.

Berre hundre meter unna

Jegerane som var på hjortejakt sat på post då ulven kom gåande og innanfor skothald, som er på kring hundre meter.

– Det er klart ein blir fortvila når ein har jakta på denne ulven ganske lenge. Og når han kjem, veit ein at ein ikkje har fellingsløyve til å skyte, seier Mortensbakke.

Stein Mortensbakke

VI MÅ ENDRE: Fellingsleiar i området, Stein Mortensbakke vil jobbe for eit nytt løyve.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Unødvendig byråkratisk

Leiar i Rovviltnemnda Region 1, Aleksander Øren Heen, meiner Fylkesmannen køyrer ein håplaus forvaltningspraksis i saka.

– Argumentasjonen deira står seg ikkje. Ulven har vore der i to beitesesongar og vi veit at han kjem til å gjere meir skade neste år viss han ikkje blir borte.

Stortinget har sagt at det ikkje skal vere ulv med skadepotensial i Sogn og Fjordane, og Rovviltnemnda har opna for lisensjakt av ulv seinare i haust.

– Det er dumt å skulle vente på lisensjakta når vi veit at det er hjortejegerar ut i feltet. Han må bli felt i vinter, det er ikkje noko alternativ, og då må ein gjere det på ein effektiv måte, seier Heen.

Saka ligg no hjå Miljødirektoratet. Dei vil ikkje kommentere saka før ho er behandla, seier Susanne Kristin Hanssen i Viltseksjonen.