Hopp til innhold

Sau og Geit frikjend for skotpremie

Møre og Romsdal Sau og Geit hadde lov å lyse ut skotpremie til rovdyrjegerar, slår Søre Sunnmøre tingrett fast i ein dom. Skotpremien skuldast fleire sauedrap i 2013.

Døde lam

Ulv stod bak lammedrap i Sunndal i 2013.

Foto: Jan Erik- Vangen

Organisasjonen lovde ut dusør til felling av freda rovvilt som det var gitt fellingsløyve på. Sau og Geit fekk først ein bot på 15 000 kroner som dei nekta å godta, og difor hamna saka i retten.

Det var Rovviltets Røst og Bygdefolk for rovdyr som melde saka. Då den tre år gamle striden starta i retten denne veka, kravde aktor bot medan forsvararen kravde frifinning.

Fleire sauedrap her i fylket og nabofylket Oppland var bakgrunnen for saka. Møre og Romsdal Sau og Geit lovde ut ein dusør på 10 000 kroner då det blei gitt eit fellingsløyve.

– Eg vel å kalle det ei godtgjering

 Odd Bjarne Bjørdal, tidlegare leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit.

Tidlegare leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal, var den som fronta skotpremien.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Dåverande fylkesleiar i Sau og Geir, Odd Bjarne Bjørdal, er naturleg nok fornøgd med domen. Han seier det blir opp til den noverande leiinga å vurdere om dei dermed skal kome med liknande oppmodingar i framtida.

– Eg synest det er bra at ein gjennom ein dusør eller skotpremie kan gi godtgjering til jegerar eller jaktlag som gjer ein jobb som gagnar næringa.

Bjørdal fortel at dersom bota hadde blitt ståande ville fleire medlemmar vere med å betale. Han meiner næringa stod samla bak både skotpremien og avgjerda om ikkje å godta bota. Når tingretten no har sagt sitt så reknar Bjørdal med at saka ikkje blir anka til lagmannsretten.

– Når det offentlege ikkje føl opp det ansvaret dei har for rovdyra, må politikarane rydde opp i lovparagrafane, slik at ein kan gi ei godtgjering til dei som driv lovleg jakt i tråd med fellingsløyve som er gitt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL