Hopp til innhold

Tiltalt for å ha lyst ut dusør for lovleg rovviltjakt

Aktor krev bot medan forsvararen krev frifinning. Møre og Romsdal Sau og Geit sat på tiltalebenken i Søre Sunnmøre tingrett måndag etter ein tre år gammal strid.

Sau

Trygge beiteområde for sau er bakgrunnen for rettssaka mot Møre og Romsdal Sau og Geit i Søre Sunnmøre tingrett.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

 Odd Bjarne Bjørdal, tidlegare leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit.

Odd Bjarne Bjørdal, tidlegare leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit, meiner dei har ei god sak.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Trygge beiteområde for sau er bakgrunnen for rettssaka mot Møre og Romsdal Sau og Geit i Søre Sunnmøre tingrett.

Fylkeslaget er tiltalt for å lyse ut skotpremie til rovdyrjegerar.

– Eg føler sjølv at vi har ei god sak, og eg står for det eg har sagt. Eg meiner at vi ikkje har gjort noko gale, seier Odd Bjarne Bjørdal, tidlegare leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit.

Lyste ut dusør

Bakgrunnen for saka var fleire stygge sauedrap i Oppland og Møre og Romsdal i 2013. Det blei gitt eit fellingsløyve og i den samanheng lova Møre og Romsdal Sau og Geit ti tusen kroner i dusør til den som lovleg skaut freda vilt som drep beitedyr.

Advokatfullmektig Lasse Gommerud Våg

Advokatfullmektig Lasse Gommerud Våg meiner saka er forelda.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK
Døde lam

Fleire titals sauer og lam blei drepne etter ulvens herjingar i Møre og Romsdal og nabofylka i 2013.

Foto: Jan Erik- Vangen

– For Møre og Romsdal Sau og Geit er dette ei prinsipiell sak. Denne saka vil ha stor betydning i forhold til å få svar på om det er straffbart eller ikkje, seier advokatfullmektig Lasse Gommerud Våg.

Fylkeslaget blei meldt til politiet av dyrevernorganisasjonar for å ha lyst ut skotpremien. Saka blei først lagt bort, men anka av dyrevernarane. Bota på 15.000 kroner blei avvist og no meiner forsvararen i tillegg at saka er forelda.

– Vi meiner at den er forelda med bakgrunn i den nye straffelova sin regler om forelding, seier Gommerud Våg.

Har vekt reaksjonar

Mange sauebønder reagerer på at saka har hamna i retten.

Knut Hustad

Sauebonde Knut Hustad synest saka er viktig.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Eg føler meg trakassert som brukar av utmarka og forsvarar av dyra mine, seier Atle Arnesen, saueeigar.

Han får støtte av Knut Hustad.

– Sjølv om dette er ei bagatellsak, så er det ei viktig sak. Det er dette vi driv å kranglar om i næringa; nemleg kva vi har lov til og kva som ikkje er lov. Eg håper at saka blir lagt bort, seier han.

Søre Sunnmøre tingrett skal avseie dom i saka på torsdag.

– No får vi ein dom i saka, og kan forhåpentlegvis bli ferdig med det, seier Odd Bjarne Bjørdal.