Hopp til innhold

Slår tilbake: hevdar helseføretaket ønskjer å bli kvitt henne

Den profilerte legen Anna Owczarz hevdar helseføretaket ønskjer å bli kvitt henne. Det er svaret hennar etter at føretaket skuldar henne for å ha ansvar i saka der ein baby i Kristiansund døydde.

Anna Owczarz

Legen Anna Owczarz er ikkje samd i kritikken frå helseføretaket, og hevdar det er eit forsøk på å pulverisere ansvaret.

Foto: NRK

Det er høg temperatur i debatten kring skuld og anvar etter at ti månader gamle Sebastian Gils Ødegaard døydde i februar i fjor.

Sebastian

Sebastian Gils Ødegaard blei berre ti månader gamal.

Foto: Privat

Nyleg gjekk Helsetilsynet ut med hard kritikk av Helse Møre og Romsdal etter dødsfallet. Det resulterte i at helseføretaket fredag sende eit svar tilbake til tilsynet, der dei tek sjølvkritikk, men samstundes peikar klart på legevaktlegen Anna Owczarz i Kristiansund. Ho slår no tilbake.

– Eg syns det er underleg at dei brukar krefter på å personangripe meg, i forsøk på å pulverisere heile ansvaret, i staden for å arbeide for at barneavdelinga skal bli open heile sommaren, seier ho.

Føler du at helseføretaket ønskjer å få deg ut?

Ja, det har dei ønskt i lang tid. Eg er jo ikkje den mest behagelege, som kritiserer, står på, og har ført den kampen i mange år.

Les også:

Usamd i kritikken

I brevet til Helsetilsynet skriv Helse Møre og Romsdal mellom anna at barnelegen underkommuniserte og undervurderte kor alvorleg sjuk Sebastian Gils Ødegaard var då han kom til legevakta i Kristiansund første gongen. Owczarz er totalt usamd.

– Eg er faktisk veldig usamd. Eg meiner at eg har vurdert barnet grundig etter mine beste evner, og kommunisert tydeleg til AMK om barnets tilstand og behov for transport, seier ho og strekar under at det ikkje fans rutinar for å leggje barnet inn på intensivavdelinga. Ho seier også at mora til babyen kunne ta kontakt når som helst på døgnet, dersom det skjedde noko.

Les også:

Gjekk til angrep på Høie

Helseminister Bent Høie

Helseminister Bent Høie fekk kraftig kritikk av barnelegen, då den ti månader gamle babyen døydde.

Foto: NRK

Dødsfallet til Sebastian Gils Ødegaard har blitt eit symbol på konsekvensane av helgestengd barneavdeling ved sjukehuset i Kristiansund. Etter dødsfallet gjekk barnelegen til kraftig angrep på helseminister Bent Høie på Facebook, og skulda han indirekte for dødsfallet. Ho skreiv også:

"Jeg vil si deg det samme som jeg sa til mine direktører og klinikksjef – dere er totalt uegnede til å drive med helse! Ta hatten og gå! Denne døden tilgir jeg deg aldri!"

– Gamblar med barns liv og helse

Den same dagen som rapporten frå Helsetilsynet blei kjend, der helseføretaket fekk kritikk, blei barneavdelinga stengd på nytt – denne gongen for å avvikle påskeferie. Owczarz meiner det seier det meste, og at helseføretaket ikkje tek kritikken alvorleg.

Dei tok det aldri på alvor, og dei gamblar framleis med barns liv og helse, seier ho.

Fagdirektør Odd Veddeng i Helse Møre og Romsdal ønskjer ikkje å kommentere kritikken frå legen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL