Hopp til innhold

Sjukehusdraumen kan verte realisert

Styreleiar i Helse Midt-Norge, Kolbjørn Almlid, har kalla inn til eit ekstraordinært styremøte på fredag etter at han har fått ein finansieringsplan som kan føre til realisering av Nye Molde sjukehus.

Kolbjørn Almlid
Foto: Åge André Breivik / NRK

Gjennom eit regionalt samarbeid, GassROR IKS, har Helse Midt no fått tilbud om ein halv milliard kroner i offentleg regi.

Det vert lagt til grunn at byggestart vil skje så snart som mogleg, helst i 2013.

Vil spleise på Nye Molde sjukehus

GassROR IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Aukra, Eide, Fræna, Midsund, Molde og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Selskapet har sendt eit brev til styreleiar i Helse Midt, Kolbjørn Almlid, der dei tilbyr seg å finansiere delar av Nye Molde sjukehus. Brevet er underskrive av Molde-ordførar, Jan Petter Hammerø.

I brevet vert det presisert at finansieringa skal skje i offentleg regi og at den ikkje har kommersielle motiv i seg.

- Dette er realistisk på den måten at dette er snakk om offentlege midlar, og ikkje private midlar. Vi har vorte møtte med ein fantastisk velvilje og forståing frå Helse Midt. Eg ser no at dei kallar inn til ekstraordinært styremøte førstkomande fredag, så då reknar eg med at dette er i tråd med dei vedtak og signal som er kome frå styret tidlegare, seier Hammerø.

I romjula vart det kjent at finansmann Bjørn Rune Gjelsten var villeg til å bygge Nye Molde sjukehus. Dette vart avvist av helsedepartementet.

Video Sjukehusfinans

VIDEO: Molde-ordførar Jan Petter Hammerø har tru på at det no er realistisk å bygge Nye Molde sjukehus

No vil Molde kommune kjøpe Helse Nordmøre og Romsdal sine eigedomar på Lundavang og på Hjelset for 250 millionar kroner, og tilbyr helseføretaket å få disponere dei noverande bygningane medan bygging av Nye Molde sjukehus pågår.

- Molde kommune har tilbydd seg å kjøpe eigedomane på Lundavang og på Hjelset, samt at GassROR IKS har stilt midlar til disposisjon, slik at Helse Midt kan disponere 250 millionar kroner. Til saman er det snakk om ein halv milliard kroner.

Rente- og avdragsfritt lån

GassRor IKS tilbyr Helse Nordmøre og Romsdal rente- og avdragsfritt lån, som helseføretaket skal betale tilbake når økonomien er på plass.

Selskapet meiner at i staden for å bruke pengar på rehabiliteringa av dei eksisterande bygga på Lundavang og Hjelset, bør pengane leggast inn i finansieringa av Nye Molde sjukehus.

Her kan du sjå kva helsedepartementet meiner om finansieringsplanen:

Video Ny pengeplan

VIDEO: Sjå kva helsedepartementet meiner om finansieringsplanen

Etter at GassRor IKS har spytta inn 1 milliard kroner i nytt sjukehus, gjenstår det 300 millionar kroner av finansieringa, som dei meiner helseføretaket sjølv burde kunne stille med.

- Saman med dei midlane som var tenkt brukt til oppussing av Lundavang, om lag 500 millionar kroner, så har dei no ein milliard kroner til finaniseringa. Då er dei på veg til å vere på plass med si eiga finansiering, seier Molde-ordførar Hammerø.

Han legg vekt på at samarbeidet med LO har vore svært viktig i saka.

- Det er vel å merkje seg at vi har hatt ei fantastisk støtte og eit fantastisk samarbeid med LO heilt på topplan sentralt i Noreg.

Møtte helseministeren med buing

Innbyggjarane og politikarane i Molde misste mykje av håpet om eit nytt sjukehus i Molde etter at helsedepartementet bestemte at det ikkje kunne byggast nytt sjukehus i Helse Nordmøre og Romsdal før etter 2018. Då helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen kom til Molde i midten av desember vart ho møtt av piping og buing.

Fleire stortingsrepresentantar stilte spørsmål om regjeringa sin helsepolitikk etter at det vart aksjonert for lokalsjukehusa over heile landet.

Stoltenberg måtte svare på spørsmål også om Nye Molde sjukehus. Han stod fast på at Helse Midt må følgje dei same reglane som andre i samband med bygginga av nytt sykehus i Molde.

- Vi har utvidet helseforetakenes økonomiske rammer og følger de samme spillereglene over alt. De samme reglene gjelder også for Helse Midt-Norge. De skal finanseiere etter samme regler som ellers i landet, sa statsminister Jens Stoltenberg då.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL