Hopp til innhold

- Ikkje mot eige parti

Arbeidarpartiordførar Bernhard Riksfjord i Aukra, nektar for at han går imot sitt eige parti når han saman med dei andre kommunane i det interkommunale selskapet GassROR, vil bruke ein halv milliard kroner for å få finansiert nytt sjukehus i Molde.

Bernhard Riksfjord

Bernhard Riksfjord er arbeidarpartiordførar i Aukra. Han meiner at han ikkje går imot sitt eige parti i sjukehussaka.

Foto: Gunnar Sandvik

Dei vil sette i gang bygginga i 2013. Men forslaget vekkjer lite begeistring i Helse og omsorgsdepartementet.

Likevel meiner Riksfjord at det ikkje er for seint for regjeringa å snu i saka.

– Både fylkesparti og andre har sagt at det skal byggast nytt sjukehus. Og både statsråden og statsministeren har sagt at når det er økonomi til det, så skal dei kome med pengane. Eg er på linje med det som har vorte sagt, og dersom dei gjer akkurat det kan nytt sjukehus i Molde byggast, seier Riksfjord til NRK.

Les også:

Kom med tilbodet i går

Den raudgrøne regjeringa, som består av Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet har avgjort at det ikkje skal byggast noko nytt sjukehus verken i Molde eller elles i Nordmøre og Romsdal med det første.

Likevel vart det i går kjent at det interkommunale selskapet GassROR, som består av Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane Molde, Eide, Fræna, Misund og Aukra, gir ein halv milliard kroner til nytt sjukehus i Molde.

Håpar på snuoperasjon

Riksfjord håper nemleg at arbeidarpartiet og regjeringa vil snu i saka.

– Arbeidarpartiet og regjeringa kunne ha takla dette på ein mykje betre måte. Dei har etter mitt syn ikkje gjort eit godt politisk handverk, men har no sjansen til å forbetre seg. Så det er framleis forbetringspotensiale i handsaminga av sjukehussaka i Helse Nordmøre og Romsdal, meiner Riksfjord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL