NRK Meny
Normal

- Kan ikkje gjennomførast

Styreleiar i Helse Midt Norge, Kolbjørn Almlid, seier ein ikkje kan gjennomføre dei nye finansieringsplanane for nytt sjukehus i Molde.

Kolbjørn Almlid

Kolbjørn Almlid som er styreleiar i Helse Midt Norge, seier at dei nye planane for gjennomføring av nytt sjukehus i Molde ikkje er muleg å få til slik planane er lagt fram i dag.

Foto: NRK

– GassROR interkommunale selskap sine finansieringsplanar kan ikkje gjennomførast, seier styreleiar i Helse Midt Norge, Kolbjørn Almlid til NRK.

Les også:

Har ikkje lov

Selskapet tilbyr ein halv milliard kroner, og rente- og avdragsfritt lån for at nytt sjukehus i Molde skal byggast i 2013.

Men Almlid seier at dei ikkje kan ta imot pengane.

– Vi har ikkje lov til å ta opp lån i anna enn Norges Bank, dessverre.

Les også:

– Må forhalde oss til regelverket

GassRor interkommunale selskap tilbyr Helse Nordmøre og Romsdal rente- og avdragsfritt lån på 250 millionar kroner, som helseføretaket kan betale tilbake når økonomien er på plass.

– Fristande, men likevel ikkje muleg for oss å godta, meiner Almlid.

– Det kan ikkje gjennomførast slik som tilbodet er lagt fram. Vi må halde oss til det regelverket som gjeld for bygging av offentleg sjukehus. Samstundes må vi vise respekt til tilbodet som kjem frå Molde kommune og GassROR. Etter mi meining viser dette eit stort engasjement for befolkninga i dette området, seier styreleiaren.