Hopp til innhold

Gjelsten kan trekkje tilbodet

- No har det kome ei avklaring i forhold til dette utspelet, seier Bjørn Rune Gjelsten.

Bjørn Rune Gjelsten

VIL BYGGE: - Men trur ikkje departementet vil, seier Bjørn Rune Gjelsten.

Foto: Olsen, Linn Cathrin / VG

- Dei gjer det klart at dei ikkje ynskjer privat kapital og initiativ, sidan ein ikkje vil auke gjeldsgraden i Helse Midt-Noreg, seier Gjelsten.

Vil ikkje bruke meir ressursar

I går vart det klart at han og selskapet Fabritius vil bygge nytt sjukehus i Romsdalsbyen, og leige det ut til Helse Midt-Noreg. Dette vart raskt avvist av statssekretær Robin Kåss i Helsedepartementet.

- Det må me respektere om det er konklusjonen, seier han.

- Då er det ikkje aktuelt for oss å bruke meir ressursar og tid på prosjektet.

For etter det vart kjent at Gjelsten ville betale, kom statssekretæren raskt på bana.

- Pasientane vil lide

- Me ynskjer eit nytt sjukehus i Møre og Romsdal, men dette forslaget er dessverre inga julegave. Det er berre ein annan måte å låne pengar på. Helse Midt-Noreg har allereie 5,7 milliardar kroner i gjeld, og om ein driv over evne ved å låne pengar privat er det pasientane som vil lide, sa han til NRK torsdag kveld.

Og det reknar Gjelsten som eit endeleg svar frå departementet.

- Han var veldig tydeleg, seier han.

Les meir om sjukehussaka under: