Hopp til innhold

Sjukehusdirektør seier opp stillinga si

Sjukehusdirektør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal går av på dagen.

Sjukehusdirektør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romdal står i ein gang i admonistrasjonsbygget berre timar etter han annonserte at han gjekk av. Han har på seg ei lyseblå skjorte og ser rett inn i kamera med hendene i lomma.

Øyvind Bakke har sagt opp stillinga si, stadfestar helseføretaket.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dei vanskelege og kontroversielle sakene har stått i kø i Helse Møre og Romsdal i det siste.

Men ingen av desse sakene i seg sjølv skal vere grunnen til at sjukehusdirektør Øyvind Bakke no takkar for seg.

– Det er inga enkeltsak som gjer at eg sluttar, ei heller den krevjande økonomiske situasjonen. Det er ei totalvurdering frå mi side, seier han til NRK.

Han seier det har vore ei vanskeleg avgjerd å ta. Jobben har vore ein livsstil for han dei siste åra. Kva han no skal jobbe med vil han ikkje seie.

– No er eg mest klar for ein liten ferie, så får vi ta ein anna jobb etter den tid, seier Bakke.

Helseminister Ingvild Kjerkol besøker Kristiansund sjukehus

Det har vore stor strid rundt fødeavdelinga i Kristiansund, der også helseministeren har vore involvert. Arkivbilete.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vanskelege saker

Bakke har vore sjukehusdirektør sidan 2019, då han tok over for Espen Remme som fekk sparken.

Gjennom pandemien og i tida etter har helseføretaket hatt fleire krevjande og kontroversielle saker.

For få dagar sidan fekk Bakke heidersprisen frå Norsk sjukehus- og helsetenesteforeining (NSH)

Trist dag

I eit ekstraordinært styremøte torsdag vedtok styret at viseadministrerande direktør Heidi Nilsen trer inn i rolla umiddelbart.

Bakke er delvis fristilt frå arbeidsoppgåvene sine i oppseiingsperioden.

– Det er ein trist dag for Helse Møre og Romsdal. Han har gjort ein formidabel innsats i dei tre åra han har vore her. Helseføretaket har gått med overskot kvart einaste år med unntak av ein månad. Og det har først til investeringar i nytt medisinteknisk utstyr, sist no med ei ny MR-maskin på Kristiansund sjukehus, seier styreleiar Ingve Theodorsen.

Han meiner det er krevjande å ha ein jobb som direktør når det er mykje motstand, både frå tilsette og innbyggjarane, mot det han omtalar som effektivisering.

– Det å stå på både internt og ikkje minst eksternt mot både fakkeltog og elles, det er krevjande, seier Theodorsen.

No skal styret jobbe for å finne ein ny direktør.

Det er Heidi Nilsen som no skal ta over som sjef. Ho synest det er trist at Bakke no vel å gå av. Samstundes er ho klar til å ta fatt på den nye jobben.

– Det første eg gjer er å vidareføre det gode arbeidet, vi har jobba tett saman eg og Øyvind.

Førebels har ho ikkje tatt stilling til om ho vil søke på stillinga sjølv.

Heidi Nilsen og Ingve Theodorsen står saman i eit møterom med eit rundt bord og raude stolar. Nilsen har halvlangt, blondt hår og ser like inn i kameraet. Theodorsen lenar seg på ein stol og snakkar med nokon andre i rommet.

Heidi Nilsen seier Helse Møre og Romsdal er eit krevjande helseføretak å manøvrere i, men meiner Bakke har gjort ein god jobb. Ingve Theodorsen er lei for å sjå Bakke gå.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Var ein flott direktør

Den tillitsvalde for norsk sjukepleiarforbund seier dette var ein tung og trist beskjed å få.

Eg synest han har vore ein veldig flott direktør. Vi har hatt eit veldig nært samarbeid, han har hatt veldig tett dialog med organisasjonane og vernetenesta. Det har vore utruleg flott å oppleve ein direktør som har vendt seg til oss organisasjonane og hatt ein så tett dialog og samarbeid som vi har hatt, det har vore heilt spesielt, seier Anette Lekve, føretakstillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund i Helse Møre og Romsdal.

Ho seier ho har forståing for avgjersla han tok. Men peiker på at det blir ein krevjande prosess å skulle tilsette ein ny direktør slik situasjonen er no.

Det er ein vanskeleg situasjon, og ikkje heldig for føretaket.

Les også Omfattande nedskjeringar ved sjukehusa i Møre og Romsdal

Ålesund sjukehus

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL