Hopp til innhold

Omfattande nedskjeringar ved sjukehusa i Møre og Romsdal

Fleire avdelingar får kutt i talet på stillingar. Helseføretaket har mindre pengar å rutte med og administrasjonen foreslår no omfattande nedskjeringar.

Ålesund sjukehus

Ålesund er det største sjukehuset i Møre og Romsdal. Dei andre sjukehusa ligg i Volda, Molde og Kristiansund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Siste utvikling i saka: Helse Møre og Romsdal let vere å kutte i talet på tilsette i psykiatrien. Administrerande direktør Øyvind Bakke har no bede klinikken om å sjå om det er mogleg å kutte på andre måtar enn å fjerne stillingar.

Bakteppet for nedskjeringane er at helseføretaket går inn i 2023 med mindre pengar enn tidlegare. Ifølgje styredokumenta er dei økonomiske rammene reduserte med 150 millionar kroner.

Auka kostnader fører til at helseføretaket må spare meir enn dette.

Øyvind Bakke, administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal.

Administrerande direktør Øyvind Bakke.

Foto: Roar Strøm

– Noreg er påverka av krigen i Europa, med mindre tilgang på arbeidskraft, aukande prisvekst og høg inflasjon. Rammene vi har fått gjennom statsbudsjettet kompenserer ikkje for det auka kostnadsnivået. Ringverknadene av koronapandemien gjev ekstra kostnader. Vi er avhengige av å redusere kostnadsnivået for å sikre befolkninga spesialisthelsetenester av god kvalitet, skriv administrerande direktør Øyvind Bakke i saksframlegget.

Lenge låg det an til at Helse Møre og Romsdal måtte spare endå meir. Men utsetjing av Helseplattforma fører til at omstillingsbehovet for 2023 er mindre enn dei opphavlege anslaga. Desse kostnadene blir flytta til 2024.

Dei siste åra har helseføretaket også opparbeidd seg ein økonomisk «buffer» som kan takast i bruk i ein kritisk situasjon.

– Eit todelt helsevesen

Leiar i legeforeininga i Helse Møre og Romsdal, Igor Jokic, er likevel rysta over dei omfattande nedskjeringane.

Igor Jokic, hovudtillitsvald overlegane i Helse Møre og Romsdal

Igor Jokic er leiar i legeforeininga i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Eg klarer nesten ikkje å kommentere dette. Det er vanskeleg å sjå lyset i tunnelen no, seier Jokic til NRK.

Jokic meiner at det vi ser no er utslag av helsepolitikken som blir ført i Noreg no. Han viser til at helseministeren har sagt at sjukehusa må redusere aktiviteten sin.

– Dette er berre byrjinga. Vi går mot eit todelt helsevesen. Bestillinga kjem frå toppen, seier Jokic.

Reduserer talet på stillingar

Den verkeleg store posten i budsjettet handlar om løn til tilsette. No skal bruken av vikarar og innleigd personell ned. Leiinga ved sjukehusa er også pålagde å arbeide for å få ned korttidssjukefråveret. Det er ikkje nok. Talet på stillingar skal ned. Det er skissert slik i forslaget.

  • To stillingar i distriktspsykiatrien på Sunnmøre (Ambulante tenester)
  • To stillingar i distriktspsykiatrien på Nordmøre og i Romsdal
  • Ei overlegestilling i tverrfagleg rusbehandling
  • To stillingar ved akutt psykiatri på Sunnmøre
  • 2 stillingar for sjukehuspsykiatri på Nordmøre og i Romsdal
  • To stillingar i psykisk helsevern for barn og unge.

Kirurgisk avdeling i Ålesund skal leggast om frå 7-døgnspost til 5-døgnspost. Kirurg B i Molde blir gjort om til 5-døgnspost i fire veker i sommar. Lækjarar innan anestesi, gynekologi og urologi i Kristiansund får gjort om på tenesteplanane sine. Og dialysen i Ålesund og Volda skal leggast om.

Flere går i kveld fakkeltog for å beholde Mork rehabiliteringssenter i Volda.

Denne veka gjekk folk i Volda i fakkeltog for å støtte fødeavdelinga i Volda og for å verne om rehabiliteringssenteret på Mork.

Foto: Arne Flatin / NRK

Billegare sommaravvikling

Helse Møre og Romsdal legg opp til at sommaren 2023 skal gjennomførast med lågare kostnader enn 2022. Vakter kan bli ståande ubemanna og det blir færre innleigde vikarar.

Ifølgje saksdokumenta skal kvaliteten på tenestene oppretthaldast, og dette skal gjerast ved meir omfattande vaktsamarbeid enn det som har vore tidlegare.

  • Vaktsamarbeid innan ortopedi mellom Volda og Ålesund
  • Samarbeid om vakt for ortopediske legar i sommarferien, SNR

Det blir ikkje noko av forslaget om sommarstenging av fødeavdelinga i Volda. Heller ikkje planen om å flytte helgeberedskap for augepasientar frå Ålesund til Molde blir noko av.

Kortare liggetid

Pasientar ved sjukehusa i Møre og Romsdal må rekne med at dei blir raskare utskrivne frå sjukehus enn før. Meir bruk av velferdsteknologi og digitale konsultasjonar skal auke effektiviteten.

  • Urologipasientar i Kristiansund skal leggast inn same dag som operasjon
  • Liggetida for hoftepasientar i Volda skal reduserast med eitt døgn
  • Volda sjukehus tek i bruk nye areal til dagbehandling

Andre kostnader

I arbeidet med kostnadsreduksjonar har administrasjonen i Helse Møre og Romsdal også sett på bruken av innkjøpsavtalar og husleigeavtalar. Nokre investeringar skal føre til reduserte energikostnader og betre avfallsanlegg skal redusere renovasjonskostnadene.

Vil legge ned institusjon i Volda

Samtidig med dei omfattande nedskjeringane i budsjetta kjem også forslaget om å legge ned ein heil institusjon i Volda. I utkanten av bygda ligg Mork rehabiliteringssenter. Hit har pasientar frå heile Nordvestlandet med omfattande og samansette helseutfordringar reist for å få hjelp. Senteret har også hjelpt mellom anna kreftpasientar til å kome tilbake til eit betre liv.

Mork Rehabsenter

Ifølgje Helse Møre og Romsdal er behovet for oppgradering av bygningane på Mork så store at føretaket ikkje har råd til å gjere det. Dermed er forslaget no å selje heile anlegget på Mork i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Institusjonen har vore truga av nedlegging i fleire år. Og vedlikehald skal det ha vore så som så med. I 2021| blei det vedteke å flytte tilbodet berre nokre kilometer til Volda sjukehus. For å få til dette måtte Volda sjukehus byggast om. Men der sette helseregionen i Midt-Noreg ned foten.

Dermed kjem forslaget om å flytte heile drifta til Ålesund sjukehus. Dette inneber at det samla talet på både senger og tilsette blir redusert. Også utgiftene skal ifølgje Helse Møre og Romsdal kunne reduserast med fleire millionar kroner.

Men både tilsette og pasientorganisasjonar protesterer, og meiner kuttplanane fører til eit dårlegare tilbod til pasientane.

–Det er svært skuffande at dei ikkje klarte å finne ei anna løysing. No smuldrar eit heilt fagmiljø opp, seier leiar for helsearbeidarane i Fagforbundet på Sunnmøre, Elisabeth Kirkholm.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL