Espen Remme må gå av som administrerande direktør

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok i dag å avsetje Espen Remme som administrerande direktør. Vedtaket kjem midt i ein konfliktfylt kuttprosess.

Espen Remme Nils KVernmo

Espen Remme (til venstre) går av som administrerande direktør. Nils Kvernmo (til høgre) tek over som konstituert administrerande direktør.

Foto: NRK

Helse Møre og Romsdal har hatt store økonomiske vanskar i lang tid. På tre år skal føretaket spare nesten ein halv milliar kroner. Forslaget som har vekt sterkast reaksjonar er samanslåing av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde.

Reaksjonane på forslaget var så sterke at administrerande direktør Espen Remme har foreslått å utsetje denne samanslåinga. Også forslaget om å legge ned Aure rehabiliteringssenter er utsett i påvente av ei vurdering om private kan ta over.

– Økonomien felte direktøren

Administrasjonen og styret i Helse Møre og Romsdal har møtt store utfordringar i kuttprosessen. Lokalpolitikarar og tilsette har uttrykt mistillit. I tillegg har det vore ein sterk folkeleg protest, med fakkeltog og bunadsgerilja, ikkje minst på Nordmøre. Utsetjinga av sparetiltak har ført til at prognosen for underskot (i forhold til resultatkrav) ved komande årsskifte auka frå 44 millionar kroner til 80 millionar.

– Vi har beslutta å avsetje administrerande direktør Espen Remme. Dette skjer ut frå den økonomiske situasjonen som helseføretaket er i, seier styreleiar Ingve Theodorsen til NRK.

Ingve Theodorsen

Ingve Theodorsen er styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Mange sparetiltak

I lang tid heldt administrerande direktør Espen Remme fast ved at innsparingane skulle gje gjennom stadige forbetring og sterk involvering av dei tilsette. I desember 2018 bestemte styret at dette ikkje var nok, og vedtok innsparingar tilsvarande 200 årsverk.

Gjennom vinteren har spareprosjekta kome på rekke og rad. Fødeavdelingane i Molde og Kristiansund skulle slåast saman, rehabiliteringssentera i Aure og i Volda sto for hogg. Nedlegging av sengepost innan psykiatrien er vedteken saman med ei rekkje andre tiltak.

– Espen Remme har gjort ein fantastisk jobb for folket i Møre og Romsdal og dei tilsette. Men han har ikkje oppnådd dei økonomiske resultata som var ønska, seier Theodorsen.

– Førebudd på grep

Protestane har vore så store at Remme valde å utsetje samanslåing av føden i Molde og Kristiansund.

Remme seier han ikkje er overraska over det som skjedde i dag.

– Eg har vore førebudd på at styret måtte gjere grep når den ønskja utviklinga ikkje har kome. Det viktigaste for meg no er likevel å understreke at eg er svært stolt og imponert av våre tilsette som kvar einaste dag står på for å gje innbyggjarane våre eit godt tenestetilbod saman med kommunar og viktige samarbeidspartar, seier avgått adm.dir. Espen Remme.

Espen Remme blei tilsett som strategi- og utviklingssjef i januar 2012, og hadde ansvaret for utviklingsplanen og prosessen knytt til sjukehusstrukturen i føretaket fram til han blei tilsett som adm.dir. i september 2015.

Anja Cecilie Solvik er initiativtakaren til Bunadgeriljaen på Nordmøre

Bunadsgeriljaen, med Anja Cecilie Solvik, har markert seg sterkt mot forslaget om å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Nils Kvernmo blir konstituert

Styremedlem i Helse Møre og Romsdal, Nils Kvernmo blir konstituert som administrerande direktør. Kvernmo er direktør for eigarstyring i Helse Midt-Noreg.

– Dette er ein vanskeleg dag for Helse Møre og Romsdal. Det er ein omtykt leiar som no må trekkje seg tilbake. Det er styret som tek avgjerder og det må vi som tilsette og leiarar ta til etterretning. No startar jobben med å finne ut korleis vi skal ta dette vidare, seier Kvernmo.

– Kan du gjere ein betre jobb enn Remme?

– Å jobbe i sjukehus er teamarbeid. Det er ingen einmannsjobb. No skal eg snakke med leiargruppa og dei tillitsvalde. Her skal vi diskutere det styret er opptekne av, nemleg at vi ikkje har klart å styre innanfor dei økonomiske rammene, seier Kvernmo.

– Det som skjer no handlar om manglande evner til å styre kostnadssida. No skal vi diskutere korleis vi skal legge opp dette arbeidet vidare. Vi må ta inn over oss kritikken om at vi ikkje har vore gode nok til å gjennomføre sparetiltaka, seier Kvernmo.

– Må få positiv økonomisk effekt

Føretakstillitsvald i overlegeforeninga, John Kristian Høye, er ikkje overraska over at direktøren fekk sparken.

– Det ser ikkje ut til at vi ville kome vidare med økonomiske innsparingar. Det måtte få følgjer. Det viktigaste no er om leiarskiftet får positive følgjer eller ikkje. Vi støttar avgjerda om dette får positive følgjer for føretaket. Men det er ikkje sjølvsagt at den økonomiske situasjonen blir betre på kort sikt, seier Høye.

Er du mest positiv eller negativ til det som har skjedd i dag?

– Føretaket treng ei kursendring. Vi treng ein direktør som skjønar dei grunnleggjande problema i føretaket. Den nye direktøren treng både autoritet og den nødvendige fagkunnskapen til å ta dette vidare, seier Høye.

John Kristian Høye

John Kristian Høye er leiar i overlegeforeninga i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

– Ikkje overraska

Motstanden mot spareforslaga har vore størst på Nordmøre. Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, kom i riksmedia då han brende av mot styret og leiinga i Helse Møre og Romsdal i samband med vedtaket om å legge ned fødeavdelinga i nordmørsbyen.

– Eg er ikkje overraska. Espen Remme har vore i ein umogleg situasjon. Å handtere så store underskot og å foreslå så drastiske kutt er ei umogleg oppgåve. No har vi store forventningar til at fødeavdelinga i Kristiansund blir vidareført, seier Neergaard.

Kjell Neergaard

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Underskot over fleire år

Også i nabobyen Molde tek ordføraren meldinga om avgangen til etterretning.

– VI har sett at det har vore underskot i helseføretaket i fleire år. Remme har i fleire år drive «kvardagseffektivisering». Etter fire år er føretaket i dårlegare økonomisk stand enn før. Dette kunne ikkje halde fram, seier ordførar Torgeir Dahl.

Det er eigardirektøren i Helse Midt-Noreg som kjem inn som administrerande direktør. Er Helse Møre og Romsdal underlagt Trøndelag no?

– Ja. I realiteten så er det slik eg les biletet. Dette kunne ikkje halde fram. Det er umogleg å sjå for seg at Helse Møre og Romsdal kunne drivast dårlegare enn det blir gjort i dag, seier Dahl til NRK.

Torgeir Dahl

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl.

Foto: Trond Vestre / NRK

Førre helsetopp gjekk også av

Helse Møre og Romsdal har hatt ei turbulent historie heilt sidan føretaket blei oppretta i 2011. Føretaket har hatt store økonomiske vanskar og har levert negative økonomiske resultat kvart år sidan opprettinga.

I 2014 gjekk dåverande administrerande direktør Astrid Eidsvik av etter sterk usemje om lokaliseringa av nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal.