Hopp til innhold

Gule kort hindra gullkamp i 2009

For mange gule kort hindra cupkamp for to år sidan. I år er svensken klar for vere med i sjølve gullkampen.

Daniel Arnefjord

KLAR FOR KAMP: Aalesund-kaptein Daniel Arnefjord ser fram til cupfinalen. I 2009 måtte han stå over på grunn av for mange gule kort.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

Følg sendinga i P1 frå «Lille Sunnmøre» frå klokka 13:30 til 15:00

Aalesund-kaptein Daniel Arnefjord måtte stå over cupfinalen mot Molde for to år sidan, på grunn av gule kort. No er han likevel klar for cupfinalekamp mot Brann, noko han verkeleg ser fram til.

– Det skal bli veldig, veldig kult og eg ser veldig fram til det, seier AaFK-kaptein Arnefjord.

– Eit oppgjer mot Brann, kva tenkjer du om kampen?

– Det vert sikkert ein jamn og spanande kamp. Brann har gjort det godt i år og eg har stor respekt for kva dei kan få til.

Supporterinvasjon i hovudstaden

Sundag vert det gjort opp om NM-tittelen i fotball for menn når Brann og Aalesund møtes på Ullevaal.

SLIK FØLGJER DU KAMPEN:

Supporterar frå begge dei fotballfrelste byane har innteke hovudstaden for gi si støtte og for å forhåpentlegvis feire eit cupgull.

LES ÒG:

Redningsmann

Arnefjord var mannen som redda Aalesund tidleg i cupen i år. Då laget møtte førstedivisjonslaget Hødd i den tredje runden i cupen vart det spanande.

Hødd tok leiinga etter at Erik Sandal scora i starten av andre omgang. Men ei Aalesund-scoring ved Daniel Arnefjord i det 95. minutt førte til ekstraomgangar på Høddvoll. Så i siste del av andre ekstraomgang scora Michael Barrantes og AaFK går dermed vidare i cupen.

På rett spor

Arnefjord håpar at ålesundslaget skal få til ein god kamp, for dei har vore på rett spor siste månaden, understrekar kapteinen.

– Så me ser verkeleg fram til oppgjeret og håpar me skal gjere det bra, seier Arnefjord.

LES ÒG:

NM-vinnere 1963-2010
Foto: Nyhetsgrafikk