NRK Meny
Normal

– Ei sunnmørsk folkevandring

No er trafikken mellom Sunnmøre og Oslo i full gang. Bilar, fly, tog og til og med helikopter fraktar ivrige sunnmøringar til Cupfinalen.

Øyvind Vebenstad

Øyvind Vebenstad er optimist. - Aalesund har aldri tapt ein cupfinale før, seier han.

Foto: NRK

AaFK-flagga vaiar allereie over Rådhusplassen, som har fått namnet «Lille Sunnmøre». Klokka 12.00 opnar det heile, med servering, trubadurar, underhaldning og eit stort sunnmørsk folkeliv.

– Vi veit det kjem mange hit. Vi har teke høgde for at det kjem 15 000 hit til «Lille Sunnmøre». Og truleg kan det opplevast som om her er 40 000 sunnmøringar, seier arrangementssjef Øyvind Vebenstad i AaFK.

Frå flyplassen Vigra går det ekstra fly. Folk reiser med tog og bil og nokre kjem også direkte med helikopter.

– Ja, gjett kva farge helikopteret har.. Hit kjem det glade sunnmøringar som er glade fotball og i AaFK, seier Vebenstad.

Rådhusplassen Oslo

Dette er 'Lille Sunnmøre', slik plassen såg ut ved 9.30-tida fredag morgon. Straks er det mykje liv her.

Foto: NRK

– Den sunnmørske gründerånda

Det er Oslo kommune som stiller Rådhusplassen til disposisjon for AaFK. Her boltrar sunnmøringane seg på plassen heilt frå den gamle Vestbanestasjonen og heilt til området ved Akershus festning. Heile denne plassen skal fargast oransje.

– Vi er veldig takknemlege for at vi får låne denne plassen av Oslo kommune. Og dette blir eit arrangement av, for og med sunnmøringar, i god tråd med den sunnmørske gründerånda, seier Vebenstad.

– Av sunnmøringar, for sunnmøringar

Artistane og alle dei andre deltakarane har ei eller anna tilknytning til Sunnmøre. I programmet står det både festcountry frå Åmdalen og opera frå Skodje. Laurdag formiddag er målet å samle så mange som mogleg i oransje fargar, til den oransje timen.

– Oslo er ein fantastisk by. Vi er fullstendig klar over at mange opplever hovudstaden som utrygg i desse dagar. Vi seier til våre folk at dei må ta på alvor at dei er gjestar i ein stor by. Men men mykje folk til stades skal vi vise at det går an å få til eit fantastisk arrangement i Oslo sentrum, seier Vebenstad.

– Kva blir resultatet av sjølve kampen då?

– Med hardt arbeid og fullt fokus går dette rette vegen for Kjetil Rekdal og spelarane. Du veit, Aalesund har aldri tapt ein cupfinale før, seier ein optimistisk Øyvind Vebenstad til NRK.

Rådhusplassen fredag cupfinale

Det blir stemning på 'Lille Sunnmøre' også på kveldstid. Dette er frå torsdag kveld. Då var rigginga i full gang.

Foto: Terje Reite / NRK
NM-vinnere 1963-2010
Foto: Nyhetsgrafikk