Hopp til innhold

Dei minste blir flytta til Trondheim

Fagmiljøa i Helse Midt-Noreg er einige om at barn fødd før 26. svangerskapsveke skal sendast til St. Olavs Hospital.

neonatal

Ålesund og Trondheim har lenge kjempa om kven som skal få behandle dei aller minste barna frå Møre og Romsdal.

Foto: NRK

I slutten av mai bestemte Helse Midt-Noreg seg for utsette avgjerda om å flytte dei minste premature barna til St. Olavs i Trondheim. No har konklusjonen kome.

Fagleg einigheit skal vere årsaka til at Helse Midt-Noreg no skal sikre tilbodet til gravide med truande prematur fødsel og for tidleg fødde barn.

– Vi har fått til ein god dialog mellom to sterke fagmiljø, og vi ser at vi kan få til ein enda betre teneste i framtida. I Helse Sør-Øst rapporten innanfor dette fagfeltet, blir det trekt opp ein forskjell mellom universitetssjukehus og andre sjukehus. Denne rapporten er anerkjent av begge fagmiljøa. Derfor meiner vi at vi kan gå for dette, seier klinikksjef Henrik Erdal i Klinikk for kvinner, barn og ungdom i Helse Møre og Romsdal til NRK.

Helseføretaket skriv at dette i praksis vil omfatte ca. 4–5 pasientar kvart år, og at det ikkje vil føre til ei endring i bemanninga på den neonatale avdelinga ved Ålesund sjukehus.

Skal frakte pasientar før fødsel

– I utgangspunktet er det eit ønske å frakte pasientane når de framleis er i magen, for det gir ein mindre belastning ved transporten. Elles er det slik at eit universitetssjukehus har større ressursar totalt sett og vil kunne handtere enkelte komplikasjonar som vi ikkje kan handtere, etter at barnet er født, fortel Erdal.

Erdal forsikrar at det skal leverast like gode og betre tenester.

– Den lengre distansen til tilbodet kan stå fram som ein belastning, men det er ikkje snakk om for lang tid. seier Erdal.

Kampen om dei for tidleg fødde barna

Sidan juni 2015 har Helse Midt Norge jobba med å få like reglar for behandling av premature barn.

Både Ålesund og Trondheim tek imot barn fødd heilt ned i veke 23. Ei uavhengig ekspertgruppe konkluderte i april med at nyføddavdelinga ved St. Olavs oppfyller krava for å behandle dei aller minste, og at avdelinga i Ålesund ikkje gjorde det.

Saka har vekt stort engasjement og i april gjekk hundrevis i støttetog for å vise sin støtte for prematuravdelinga ved sjukehuset i Ålesund. Også fylkeskommunen i Møre og Romsdal og Ålesund bystyre gjekk ut og bad helseføretaket om å utsette saka. I slutten av mai bestemte Helse Midt-Noreg seg for utsette avgjerda, men no har helseføretaket altså bestemt seg for at barn fødd før 26. svangerskapsveke skal sendast til St. Olavs Hospital.