Hopp til innhold

Utset avgjerda om å flytte neonatalavdelinga

Helse Midt-Noreg har bestemt seg for å utsette avgjerda om å flytte dei minste premature barna til St. Olavs i Trondheim.

neonatal

Ålesund og Trondheim kjemper om kven som skal få behandle de aller minste barna frå Møre og Romsdal.

Foto: NRK

Det var smp.no som først omtalte saka.

På nettsidene sine skriv Helse Midt-Noreg at dei ikkje legg fram styresaka om framtidig organisering av tilbodet til dei for tidleg fødde barna no i juni. Saka blir i staden lagt fram for styret til hausten.

– Vi ønskjer å ha med alle perspektiv før vi gjer ei grundig vurdering og legg fram saka for avgjerd i styret for Helse Midt-Noreg. Planen er å legge fram saka i haust, seier fagdirektør Kjell Åsmund Salvesen i ei pressemelding.

Kampen om dei for tidleg fødde barna

Fagmiljøa har ikkje blitt samde om kvar dei minste nyfødde barna skal bli behandla. Sidan juni 2015 har Helse Midt Norge jobba med å få like reglar for behandling av premature barn.

Både Ålesund og Trondheim tar imot barn fødd heile ned i veke 23. Ei uavhengig ekspertgruppe konkluderte i april med at nyføddavdelinga ved St. Olavs oppfyller krava for å behandle dei aller minste, men at avdelinga i Ålesund ikkje gjer det.

Saka har vekt stort engasjement og i midten av april gjekk hundrevis i støttetog for å vise sin støtte for prematuravdelinga ved sjukehuset. I seinare tid har mellom anna fylkeskommunen i Møre og Romsdal og Ålesund bystyre gått ut og bedd helseføretaket om å utsette saka. No har altså vedtaket blitt utset til hausten.