Hopp til innhold

Samde om felles forslag til bypakke i Ålesund

Fleirtalet i bystyret i Ålesund er blitt samde om eit forslag til bypakke.

Tore Johan Øvstebø Krf og Sindre Nakken (Ap)

Tore Johan Øvstebø (KrF) og Sindre Nakken (Ap) kunne måndag presentere eit felles forslag til bypakke i Ålesund.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det var samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen som sette ned foten etter at den førre bypakken vart vedtatt. Han ville ha bort bomsnitta på E39, og ein mindre og billigare bypakke.

Rådmannen i Ålesund la så fram eit forslag til ein revidert bypakke for Ålesund i slutten av oktober.

Arbeidarpartiet, KrF, SV og Miljøpartiet De Grønne har blitt einige om eit fellesforslag til ny bypakke i Ålesund. Partia har fleirtalet i bystyret, og Ålesund bystyre skal no behandle vedtaket i formannskapet tysdag.

– Vi har gått for ein variant av alternativ to, med nokre endringar, seier varaordførar, Tore Johan Øvstebø (KrF).

Alternativ to

Vedtaket tek utgangspunkt i rådmannen sitt forslag nummer to, men partia har gjort nokre justeringar. Forslaget går ut på tre bommar, ein i sentrum, ein på Lerstad og ein på Moa.

Partia har mellom anna flytta den omdiskuterte bomstasjonen på Hellebrua mot sentrum, forklarar Tore Johan Øvstebø frå KrF. For å bevare prinsippet om kost/nytte skal moglegheita for differensiert takst og/eller varigheit ved dei ulike bomsnitta bli vurdert.

– Bommane skal justerast slik at det ikkje vil vere lik pris på dei. I tillegg vurderar vi om bommen i Brusdalen berre skal registrere gjennomgangstrafikk på E39, seier han.

– Alle bomsnitta er no knytt opp imot konkrete prosjekt i det nærmiljøet der ein faktisk passerer ein bom, seier Sindre Nakken i Ap.

Bommen i sentrum blir truleg i området ved rådhuset i Ålesund, men endeleg plassering er enno ikkje vedtatt.

Saka held fram etter bilete.

Bypakke i Ålesund

I forslaget er det snakk om tre bommar, ein i sentrum, ein på Lerstad og ein på Moa.

Foto: Ålesund kommune

Vil greie ut om bybane

I det nye forslaget til bypakke vil partia også sjå på moglegheita for ei eventuell bygging av bybane i Ålesund.

– Vi meiner at byutviklingsperspektivet er svært tydeleg i dette forslaget og vi skal gjere ei grundig undersøking rundt bybane, seier Øvstebø.

Han nemner også andre konkrete tiltak som er med i det nye forslaget.

– Gateterminal i Ålesund sentrum, bru over Brosundet, Lerstadvegen og trafikktryggingstiltak i sentrum er nokre va områda vi vil satse på, seier han.

– Forskjellen mellom forslag 1 og 2 frå rådmannen var det som burde skje i indre, og vi meiner at det er svært viktig at det framleis er med. I tillegg gir Statens vegvesen oss rom til at det kan vere med, seier Nakken.

Brosundtunnel

Brosundet er eit av dei mest utfordrande trafikknutepunkta i Ålesund i dag, og det har vore retta sterk kritikk mot ei manglande satsing på å utbetre dette punktet med bru eller tunnel.

I forslaget til ny bypakke ligg også eit punkt om at å planlegge og greie ut moglegheita for Brosundtunnel skal vere prioritet og inngå i bypakken under tiltaket «byplanlegging». Nakken meiner at både bru og tunnel er viktig.

– Det har aldri vore snakk om bru eller tunnel. Ei slik bru vil vere heilt nødvendig for å avlaste sentrumstrafikken, og så bør det kome ei bru som kan avlaste gjennomgangstrafikken forbi sentrum, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL