Hopp til innhold

Her er reknestykket: Så mykje dyrare blir det for ein norsk familie i år

Alt har blitt dyrare og ein familie på fire må ut med 45.000 kroner meir i utgifter i år enn i fjor. Det merker Katinka Grebstad Remøy og Tor Erik Nerland på familieøkonomien.

Katinka Grebstad Remøy og Tor Erik Nerland kjenner dei auka prisane på familieøkonomien.

DYRARE: Heime i Ålesund kjenner Katinka Grebstad Remøy og Tor Erik Nerland dei auka prisane på familieøkonomien.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vi prøver å kutte i forbruket der vi kan kutte, men med to born er det ganske vanskeleg. Det er liksom ikkje alt ein kan kutte ut heller, seier Katinka Grebstad Remøy.

Ho og mannen Tor Erik Nerland bur i eit oppussingsprosjekt i Ålesund saman med to born på eitt og tre år.

Grunna prishopp på mat, dyrare drivstoff, auka straumpris og høgare styringsrente, er familieøkonomien trong.

Vi har ein dieselbil og ein elbil, og no brukar vi nesten berre elbilen. Vi brukar mindre straum, og prøvar å kutte i den områda vi kan, seier Nerland.

Meir utgifter i år enn i fjor

Uavhengig av kvarandre, har Forbrukarrådet og Storebrand på oppdrag frå NRK rekna på kor mykje meir ein familie på fire må ut med i år samanlikna med i fjor.

Rekneeksempla viser at familiar med to barn under 17 år kan få rundt 45.000 kroner meir i utgifter i år. Det er ei auke på 20 prosent.

Denne prisstiginga går på nødvendigheitsvarer, så alle kjem til å merke prisauken, seier Jorge Jensen fagdirektør i Forbrukarrådet.

Ifølgje Jensen kjem ei normal hushaldning som har lån til å merke at renta på bustadlånet vil stige, spesielt etter at Noregs Bank set opp styringsrenta i dag, som no ligg på 2,25 prosent.

Det er forbrukarøkonom i Storebrand Cecilie Tvetenstrand einig i.

Det er klart at desse auka utgiftene smell for dei alle fleste, men spesielt for dei som har høge bustadlån.

– Vi tar det som er på tilbod

– Vi merka allereie ei renteauke på bustadlånet, og at det allereie byrjar å stramme seg litt til, seier Katinka Grebstad Remøy.

Ein stad familien i Ålesund prøvar å spare pengar, er på matbutikken.

Vi tar det som er på tilbod, seier Remøy og bøyer seg ned for å ta det brødet som har ein raud ring rundt prislappen.

Familien skrive handlelister og brukar ein app som viser mattilbod dei forskjellige butikkane har.

–Vi prøvar å gjere det billigast mogleg. Det er litt kjedeleg av og til, ein vil jo helst gå å plukke det ein vil, seier Remøy.

Familien har eit håp for framtida, og det er at styringsrenta skal gå ned att.

Vi har eit veldig håp at det skal gå ned at slik at vi kan leve slik som vi gjorde før, utan avgrensingar, seier Tor Erik Nerland.

Les også Slik sparer du penger: Mat

Grønnsaker

Korleis kan ein spare?

Ifølgje Tvetenstrand i Storebrand og Jensen i Forbrukarrådet er den luraste staden å spare pengar, å sjekke dei store utgiftene.

– Det er typisk bustadlån, pengar som går til mat, og kostnadar knytt til bil, seier Jensen og legg til:

–Sjekk om du kan få betre vilkår på dei kontraktane du har i bank og forsikring, så kan ein kome betre ut av dette.

Økonomikommentator i NRK Cecilie Langum Becker kjem med tips til korleis takle dei høge prisane.

Tvetenstrand seier også det kan vere lurt å sjekke kontoutskrifter og forhandle avtaler på mobil og straum.

Kvitt deg med dei vanane du har fått som du ikkje har råda til å ha lengre, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL