Nye togvogner til Golden Train
Turisttoget Golden Train på Raumabana tek i bruk nye togsett. Dei første tre av fem vogner kom til Åndalsnes i går.
Golden Train begynte drifta 9. april i år, og toget har vore drive med eldre vogner medan ein ventar på dei nye. Dagens togsett skal brukast ei stund til medan det skal gjennomførast testturar med dei nye vognene.
Når alle dei nye vognene er på plass blir det 350 sitjeplassar mot dagens 65.