Raumabanen og Europavegen er no opna etter å ha vore stengde i fleire timar.
Naudetatane fekk melding like før klokka 02.00 om brann i ein bubil som sto like inntil ein einebustad. Bubilen var overtent og brannen var i ferd med å spreie seg
Det var ein bilist på E136 som stoppa for å ringe naudetatane då han såg brannen. Medan han var i telefon med 110-sentralen spreidde brannen seg over til huset.
Det var ein bebuar i huset når brannen starta. Vedkomande kom seg ut og er sendt til legevakt for sjekk.
FULL FYR: Det var ikkje mogleg å berge huset.
Foto: BRANNVESENET I RAUMAEigedomen ligg ved Trøan, like aust for Kors kirke i Romsdalen.
– Huset ligg tett inntil europavegen, så den vart stengd. I tillegg måtte brannvesenet pumpe vatn frå elva. Det førte til at vi måtte stengje Raumabanen for å trekkje slangar over jernbana, seier operasjonsleiar Møre og Romsdal politidistrikt, Tor André Gram Franck.
Omfanget av brannen gjorde at Brannvesenet i Rauma måtte kalle inn mannskap med tankbilar frå nabokommunane Lesja og Molde.
LIKE VED EUROPAVEG: Huset som brann ligg like ved E136 i Romsdalen.
Foto: BRANNVESENET I RAUMAROMSDALEN: Brannstaden ligg ved Trøan, like aust for Kors kirke.