Hopp til innhold

– Velkomen tilbake, Sommartoget!

Det blei stille på stasjonen etter at Sommartoget reiste frå Åndalsnes. Men her har det vore liv og røre. – Vi har massevis av gode minne, seier reiselivssjefen.

Sommertoget

Sommartoget er klart for avgang i retning Vistra. Om lag klokka 10.55 sette Sommartoget kursen opp Romsdalen og vidare ned Gudbrandsdalen.

Foto: jannicke Susann Farstad / NRK

Sola skein då Sommartoget la ut på reisa si igjen. I dag går ferda til Vinstra på reisa som skal ende opp på Røros laurdag. Slik skal Sommartoget rulle på mesteparten av det norske tognettet i heile sommar. Mange hadde møtt fram for å vinke Sommartoget av garde. På perrongen sto også ein nøgd reiselivssjef, Hilde Gråberg Bakke.

– Vi er begeistra over å få vere ein del av dette nasjonale arrangementet som Sommartoget er, seier reiselivssjef i Rauma, Hilde Gråberg Bakke. Mange besøkte Rauma dei dagane Sommartoget var her, legg ho til og vinkar til toget som forlèt stasjonen.

Sommertoget

Reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke var blant dei som vinka Sommartoget av garde på Åndalsnes tysdag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Flott uansett vêr

Ho er også nøgd med at ho i dag får vist fram Romsdalen i sol. Då toget kom ned dalen var det både regn og ikkje minst skodde som låg langt ned i fjellsidene.

– Ja, i dag får vi vist fram at vi også har sol i Romsdalen. Men denne togturen er like flott uansett kva tid vi reiser med toget, seier Bakke.

Lørdag 8. juli kom Sommertoget til Åndalsnes.

– Europas vakraste

TV-kanalen Animal Planet kåra for nokre år sidan Raumabana til Europas vakraste togstrekning. Seinare skal Sommartoget også reise på strekninga som kom på andreplass i denne kåringa, nemleg Flåmsbana.

– Togturen er ei stor oppleving. Det går sikkert tydeleg fram gjennom sendingane til Sommartoget. Vi er veldig stolte av Raumabana, som er den viktigaste årsaka til at cruise-turista kjem hit og besøkjer Romsdalen, seier Gråberg Bakke til NRK.

Sommartoget

Mange var møtt fram for å vinke til Sommartoget, og ikkje minst til Fantorangen som er med på toget i heile sommar.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Eit eventyr

No er det ikkje berre minner folket i Rauma sit att med. Reiselivssjefen ser ikkje vekk frå at besøket også kan få varig effekt for reiselivsnæringa i området.

– Vi har fått vist fram mange flotte aktørar. Til og med Tingvollost blei på ein måte frå Romsdalen. Vi har fått vist fram Sødal-huset med Kraftkar-burgaren. Dei har hatt eit eventyr etter at kamera blei slått av laurdag kveld. Her er det mange dyktige reiselivsaktørar som har fått vist seg fram, seier ein fornøgd reiselivssjef.

Frå klokka 15.00 kan du sjå minutt for minutt-sendinga for strekninga Åndalsnes - Vinstra:

I åtte uker reiser NRK gjennom Norge med Sommertoget. Her er dagens ferd - sville for sville. Programleder Tom Erik Sørensen