NRK Meny
Normal

Meir godstrafikk på Raumabanen

Fram til 2029 skal det brukast 18 milliardar offentlege kroner for å få meir gods over på bane. Det er godt nytt for Raumabanen.

Raumabanen CargoLink

Dette er frå den tida då CargoLink køyrde gods på Raumabanen. No er det selskapet Green Cargo som køyrer gjennom Romsdalen.

Foto: Leif Jonny Olestad

Det var smil, latter og glede då Jernbanedirektoratet var på Åndalsnes torsdag for å orientere om planane for å få meir av godstrafikken over på jernbanen.

Elisabeth Enger

Jernbanedirektør Elisabeth Enger under besøket på Åndalsnes torsdag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Jernbanen får ei stor satsing på gods. Det er nesten 20 milliardar som skal brukast på infrastruktur på gods. Dette trengst. For det er sterk konkurranse frå vegtrafikken. Og vi treng å investere for å legge betre til rette for å få store mengder gods over på jernbanen, seier direktør i Jernbanedirektoratet Elisabeth Enger.

– Ingen enkle løysingar

Både representantar frå næringslivet, politikarar og folk frå administrasjonen høyre om planane for godstrafikken på Raumabanen.

Roger Kormeseth

Roger Kormeseth er godsrådgjevar i Jernbanedirektoratet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det finst ingen enkle løysingar for Raumabanen. Vi må studere alle tilhøve som har innverknad på konkurranseevna for denne banestrekninga. Vi må sjå på marknadsmessige tilhøve og vi må sjå på infrastruktur. Skal vi få sett inn lengre tog må vi også lage lengre kryssingsspor, seier Roger Kormeseth, godsrådgjevar i Jernbanedirektoratet.

– For mange vogntog i Romsdalen

Også lokale politikarar markerte at dei ønskjer å få meir gods over frå veg til bane. Mange vogntogsjåførar vel å køyre gjennom Romsdalen fordi tunnelane på Strynefjellet er tronge, for bratte og utdaterte.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Riksveg 15 over Strynefjellet er ikkje i nærleiken v å fylle den funksjonen han ein gong hadde. Tunnelane er for dårlege og stigninga er for bratt. Teljingane viser at denne trafikken går Romsdalen. Vegen der er full av vogntog frå Sunnmøre, og det er langt fleire vogntog som køyrer der enn det som skulle vere naudsynt, seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap).

– Framleis utfordrande

Det har vore fare for at godstrafikken på Raumabanen skulle bli lagt ned fleire gonger. Sjølv med auka satsing er ikkje framtida berga hundre prosent.

– Det er ikkje trygt enno. Det er ein utfordrande situasjon framover. Men det er ei historisk stor satsing på godstransport på jernbane i Nasjonal Transportplan som regjeringa har lagt fram, seier Roger Kormeseth.