Hopp til innhold

Her går første tog over Randklev bru igjen

No er det slutt på buss for tog på Dovrebanen. Ni månader etter jernbanebrua på Ringebu datt i elva.

Åpning av Randklev bru

OPNAR: Randklev bru kollapsa på grunn av ekstremvêret Hans. Måndag opna den igjen.

Foto: Bane NOR

Då ekstremvêret «Hans» herja over store delar av landet august 2023 kollapsa delar av jernbanebrua i Ringebu. Gudbrandsdalslågen var stri og gjorde skader på både bil- og togbrua.

Sidan har det vore buss for tog for passasjerar mellom Lillehammer og Ringebu. Og godstrafikken har ikkje kunne bruke togstrekka.

Randklev bru

Det første toget køyrte i dag over den nye Randklev bru. Det har vore ein lang og krevjande prosess.

Foto: Kjetil Rolseth / Bane NOR

Like før klokka 19 måndag kveld gjekk det første godstoget over brua. Og rundt klokka 19.45 fekk passasjerar på veg mot Oslo suse over.

– Det er jo veldig stort. Ei salig blanding av mange kjensler må eg seie. Mest av alt så er det veldig deilig å få desse toga over igjen.

Det seier Eivind Aslaksen Hamre, som har vore prosjektleiar i Bane Nor.

Eivind Aslaksen Hamre, prosjektsjef i Bane Nor

KJENSLER: Eivind Aslaksen Hamre er glad dei endeleg kan opne igjen brua på Ringebu. Han var til stades for å sjå det første toget køyre over.

Foto: Jonas Oden Ulset / nrk

Har vore utfordrande

For å få heist bruelementa på 270 tonn opp av vatnet og på plass igjen trengde dei store krefter. Ei kran på 1500 tonn kom frå Danmark kom med 81 lastebilar.

Det er laga eit nytt fundament i elva, og andre er blitt reparert. Elvebotnen er sikra mot erosjon med store steinar, som skal gjere at ei liknande hending aldri skal kunne skje.

Ifølge Aslaksen Hamre har arbeidet gått så fort som det kunne. Det har vore utfordrande, spesielt på vinteren.

Med mykje is og temperaturar ned mot minus 33 grader. Vi har jo også hatt dykkarar ute i elva stort sett heile tida, og det har vore ned mot minus to grader i elva. Då er det vanskeleg, men folk har stått på og fått det til, seier han.

Nytt fundament til jernbanebrua Randklev bru på Ringebu er på plass.

NYTT FUNDAMENT: Fundamentet som kollapsa i Gudbrandsdalslågen er fjerna og eit nytt vart sett på plass.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Les også «Hans»-erstatningene er nå en milliard kroner

Dokka Camping under ekstremværet Hans

– Viktig for jernbane-Noreg

Dovrebanen er hovudfartsåra mellom Oslo og Trondheim og Bane Nor har sagt at det var høgt prioritert å få opna strekka igjen.

For passasjerane har det vore buss for tog mellom Lillehammer og Ringebu. Godstrafikken har vore flytta over til Rørosbanen og til vegane.

Spesielt godsselskapa har hatt store utfordringar. Så for Jernbane-Noreg er dette ei veldig viktig hending, seier Aslaksen Hamre.

Randklev bru

MEGAKRAN: Megakrana frå Danmark har løfta opp dei tunge bruelementa.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ordførar i Ringebu, Arne Fossmo er også veldig nøgd og synest det har gått raskt.

Vi har jo ein del busstrafikk å ha i sentrum mellom Ringebu og Fåvang, som har vore heilt nødvendig for å få trafikken til å gå. Og dei har klart dette på ein svært god måte, seier han.

Bilbrua, som ligg ved sidan av er også stengt. Den er fylkeskommunal og no håpar Fossmo den snart kan opnast også.

Vi hadde håpa dette kunne gå parallelt, men no skal vi vere glad over at Dovrebanen kjem i gang.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen