Hopp til innhold

Den grøne arbeidsbåten til 66 mill. som fall av lasteskipet er berga

Den grøne arbeidsbåten som fall av det nederlandske lasteskipet, blei berga onsdag kveld.

Grønn servicebåt blir slept til Florø

SLEPT TIL FLORØ: Denne arbeidsbåten eigd av AQS fall av i uvêret. Eigaren av den nye båten har sett i verk berging med slepebåten Stadt Sløvåg.

Foto: AQS

Den grøne servicebåtet «AQS Tor» blei onsdag berga, etter å ha ramla av dekk på havaristen i uvêret tysdag.

– Vi er veldig fornøgd at den no er under ein viss kontroll og at vi sjølv kan ha litt kontroll på situasjonen igjen, seier Ove Løfsnæs, dagleg leiar og eigar av AQS til NRK onsdag kveld.

Båten blir slept til Florø, og vil vere der natt til torsdag. Løfsnæs veit ikkje om arbeidsbåten, som har ein verdi på 66 millionar kroner, er skadd.

– Vi har sett litt utvendig at den ikkje har mykje skade, men vi er ikkje sikre på korleis den elles er, seier han, og legg til at han er spent på kor mange skadar den kan ha fått.

At båten fall av kan ha vore med på å hindre lasteskipet i å kantre. Det er så langt uklart om det er andre ting som har falle av skipet.

Grønn båt i slep

FALL AV: Det var usikkert når båten kunne bergast, men ved 18:30-tida onsdag kveld, skal båten ha blitt berga.

Foto: AQS

Berginga av det nederlandske lasteskipet skulle eigentlig utsettast

Etter eit møte mellom Kystverket og bergingsaktørane onsdag blei det bestemt at berginga av det nederlandske lasteskipet måtte utsettast.

– Det har med tryggleiken til personellet som skal om bord å gjere, seier beredskapsdirektør Hans Petter Mortensholm.

Bergingsekspertar skulle bli fira om bord i lasteskipet frå eit helikopter og feste slepetau til båten.

Deretter skulle det nederlandske lasteskipet «Eemslift Hendrika», som har drive utan mannskap og motor i Norskehavet sidan måndag kveld, tauast i hamn onsdag. Vêret sette ein stoppar for planane.

Vêret er for dårleg for berging av Eemslift Hendrika onsdag. Video tatt frå KV Sortland.

DÅRLEG VÊR: Vêret er for dårleg for berging av Eemslift Hendrika onsdag. Video: KV Sortland og Kystverket.

Eemslift Hendrika

Lasteskipet har 350 tonn tungolje og 50 tonn diesel om bord.

Foto: KV Sortland

Bur seg på det verste

Hamnevesenet i Nordfjord flytta alt utstyret sitt frå indre Nordfjord til Måløy. Dei bur seg både på at skipet kan bli slept til Måløy eller Florø, men også at heile operasjonen kan gå gale og at skipet hamnar i fjøresteinane.

– Vi vil vere budde på at dei ikkje får tak i havaristen og at båten går på land eller går ned i havet, seier Kjell Fagna, som er hamnedirektør i Nordfjord.

Kystvaktskipet KV «Sortland» har dei siste dagane lege ved havaristen. Skipssjef Henning sa onsdag morgon at han trudde bergingsaksjonen ville bli krevjande.

– Det er framleis utfordrande vêrforhold her, så det vil vere ein risiko for mannskapet å gå om bord om båten held fram med å slingre slik den har gjort, seier Solberg.

Situasjonskart kl 0945. Eemslift Hendrika saman med BB Ocean og Normand Drott

Dei to norske slepebåtane, «BB Ocean» og «Normand Drott» er leigd inn av det nederlandske bergingsselskapet. Natt til onsdag kom dei fram til lasteskipet.

Foto: Skjermdump frå Marine Traffic

Har forsikring

Det er det nederlandske selskapet Amasus Shipping som eig lasteskipet. Ei kvinne på hovudkontoret ønskjer ikkje å seie noko om kva selskap skipet er forsikra gjennom.

– Vi er opptekne med bergingsaksjonen no, og ventar på at det skal skje noko nytt, seier ho.

Følgjer spent med

«Eemslift Hendrika» var seksti nautiske mil vest av Ålesund då det sende ut naudmelding måndag. Skipet melde då om 30 grader slagside og HRS sende tre helikopter og to fartøy for å hjelpe.

Harry Valderhaug

Mannskapet som blei evakuert frå båten måndag er innlosjert på hotell i Giske kommune.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei åtte første av mannskapet blei berga av eit redningshelikopter måndag formiddag, medan kapteinen og tre andre blei igjen om bord for å prøve å stabilisere skipet.

Mannskapet som blei evakuert frå båten måndag er innlosjert på hotell og blir tatt vare på av kriseleiinga i Giske kommune og frivillige.

Ordførar Harry Valderhaug seier at dei er svært takksame for at dei blei redda og at dei no er spente på berginga av skipet.

– Dei følgjer med på det som skjer ute på havet, seier han.

Redningsaksjon av «Eemslift Hendrika».

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL